350px|mini|Parallelle linjer Parallell er eit uttrykk i geometrien som skildrar tilhøvet mellom to (eller fleire) linjestykker eller plan/flater som tilfredsstiller parallellaksiomet til Euklid.

Euklids postulat Vi tek utgangspunkt i to rette linjer a og b. Linje b er parallell til linje a viss følgjande fire setningar er tilfredsstilt: Viss kvart punkt på b har eksakt same avstand til éit punkt på a. Viss b er i same plan som a, og viss a og b blir strekt uendeleg i begge retningar utan å krysse kvarandre. Viss a og b blir kryssa av ei rett linje (ei tenkt linje t) i same plan som a og b, og vinklane mellom kvar linje og t i krysspunktet er lik

Desse setningane skildrar linjestykke som er parallelle. For parallelle plan gjeld det at dei to plana må ligge i det same tredimensjonale rommet.

Figurar med parallelle sider Følgjande geometriske figurar har to eller fleire parallelle linjer eller plan Parallellogram Rombe Kvadrat Rektangel

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Parallell (geometri)» frå , den 20. september 2011.

Kategori:Elementær geometri Kategori:Orientering