«This Is Not America» er ein song av den engelske songaren David Bowie og det amerikanske jazzfusion-bandet Pat Metheny Group, teken frå lydsporet til filmen The Falcon and the Snowman i 1985. Han kom ut på singel i februar 1985 og nådde 14. plassen i Storbritannia og 32. plassen i USA. Den instrumentale songen som «This Is Not America» er basert på vart skriven av Pat Metheny og Lyle Mays og er i seg sjølv ein song kalla «Chris», som kom ut på filmmusikkalbumet.
Songen kom sidan ut på The Singles Collection (1993). Seinare vart han gjeven ut på Best of Bowie (2002), og finst på alle utgåver utanom den australske og japanske utgåva. Metheny skreiv seinare at teksten til Bowie var «djup og meiningsfull - og heilt perfekt for filmen.»
Innhald 7" og 12"-singel A. «This Is Not America» – 3:51 B. «This Is Not America» (instrumental) – 3:51This instrumental version is a true instrumental version of «This Is Not America» but not the Song «Chris»
Medverkande Frå platenotata til The Falcon and the Snowman: Original Motion Picture Soundtrack.
David Bowie – vokal, produsent, låtskrivar Pat Metheny – produsent, låtskrivar Lyle Mays – låtskrivar Steve Rodby – bass Paul Wertico – trommer, perkusjon Bob Clearmountain – miksing Bob Ludwig – lydteknikar
Salslister
Vekeslister Liste (1985) Plassering Australia (Kent Music Report) 33 Europa (European Hot 100 Singles) 13 Finland (Suomen virallinen lista) 16 Italy (Musica e dischi) 7Poland (LP3)1 US Hot Dance Music/Maxi-Singles Sales (Billboard) 42
Liste (2016) Plassering
Årslister Liste (1985) Plassering Austerrike (Ö3 Austria Top 40) 26 Belgia (Ultratop 50 Flandern) 28 Tyskland (Official German Charts) 24 Nederland (Nederlandsk Topp 40) 21 Polen (LP3) 10 Nederland (Single Top 100) 23
Konsertversjonar Pat Metheny Group spelte inn songen for DVD-en We Live Here i 1995, der bandmedlemmar erstatta Bowie på vokal. Bowie spelte inn ei utgåve av songen på BBC Radio Theatre i London den 27. juni 2000, og han kom ut på bonusplata som følgde dei første utgåvene av Bowie at the Beeb. Ei anna utgåve med Anna Maria Jopek og Pat Metheny vart spelt inn i Warszawa i 2002 og finst på albumet Anna Maria Jopek and Pat Metheny Live in Warsaw 2002.
Andre utgjevingar 1995-utgåva av albumet til Bowie Tonight frå 1984, inneheld «This Is Not America» som bonusspor. «This Is Not America» kom ut som ei B-side til singelen «I Can't Read» i 1997. Bowie framførte ein variant av «This Is Not America» på P. Diddy-songen «American Dream» for lydsporet til filmen Training Day i 2001. Songen finst på samlealbuma The Singles Collection (1993), Best of Bowie (2002; fleire utgåver), The Platinum Collection (2005), The Best of David Bowie 1980/1987 (2007), Nothing Has Changed (2014; 2- og 3-CD-utgåver), Bowie Legacy (2016; 2-CD-utgåve) og Loving the Alien (1983–1988) (2018, plateboks).
Coverversjonar Lana Lane med Rocket Scientists - Echoes from the Garden (1998) Xavier Naidoo - Nicht von dieser Welt (1997) Yellow Prophet - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998) Alice - Personal Jukebox (2000) Ein instrumental versjon av «This Is Not America» av Ahn Trio Silje Nergaard - Nightwatch (2003) Protection - Protection EP (2005) Ein tyskspråkleg versjon av Richard von der Schulenburg på Quotenrocker (2005) Microsillon med Eugenie Alquezar - BowieMania: Mania, une collection obsessionelle de Beatrice Ardisson (2007) Liberation Music Orchestra - Not in Our Name (2005) Bardo State - Mariposa (2008) Juliette Lewis - Hollywood, mon amour (2008) Laith Al-Deen - Laith Al-Deen: Session (2009) Amanda Lear - Brief Encounters (2009) Amanda Lear - Brief Encounters Reloaded (2010) Claudia Brücken & Paul Rutherford – Combined (2011) Paolo Fresu på albumet P60LO FR3SU (2021) (Tuk Music).P60LO FR3SU (3 CD), on Tukmusic.com..
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «This Is Not America» frå , den 5. september 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Balladar frå 1980-åra Kategori:Singlar frå 1985 Kategori:Songar frå 1985 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Nederland Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar skrivne for filmar