«Prisoner of Love» er ein song av Tin Machine gjeven ut på det sjølvoppkalla debutalbumet deir ai 1989. Han vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet i oktober 1989.

Songutvikling Bowie hevda på den tida at han skreiv songen for den dåverande kjærasten Melissa Hurley. Han framstår som eit verdsleg råd frå songaren til hans naive, yngre kjæraste.

Konsertopptak og video Bandet valde å ikkje lage noko musikkvideo for singlane frå albumet, og skapte i staden ein 13 minuttar lang megamix-video, der «Prisoner of Love» var med. Videoen, regissert av Julien Temple, vart ikkje gjeve ut kommersielt før 30-årsjubileet i 2019.

«Prisoner of Love» vart framført på Tin Machine-turneen i 1989. Singelen kom ut i lag med konsertopptak spelte inn på La Cigale i Paris den 25. juni 1989. Ei utgåve av singelen kom ut som ein hjarteforma 7" biletdisk. Han gjekk ikkje inn på singellistene nokon stad.

Innhald 7"-versjonen «Prisoner of Love» (Edit) (Bowie, Gabrels, Sales, Sales) – 4:09 «Baby Can Dance» (Live) (Bowie) – 6:16

12"/CD-versjonen «Prisoner of Love» (Edit) (Bowie, Gabrels, Sales, Sales) – 4:09 «Baby Can Dance» (Live) (Bowie) – 6:16 «Crack City» (Live) (Bowie) – 5:13 «Prisoner of Love» (LP version) (Bowie, Gabrels, Sales, Sales) – 4:15

Medverkande Produsentar Tin Machine Tim Palmer

Musikarar David Bowie – vokal, gitar Reeves Gabrels – sologitar Hunt Sales – trommer, vokal Tony Sales – bass, vokal

Andre medverkande Kevin Armstrong – rytmegitar

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Prisoner of Love (Tin Machine song)» frå , den 11. september 2021. oppgav desse kjeldene: Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000,

Kategori:Singlar frå 1989 Kategori:Tin Machine-songar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar frå 1989 Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Julien Temple