«Jump They Say» er ein song av den engelske musikaren David Bowie frå albumet hans Black Tie White Noise frå 1993. Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet i mars 1993. Bowie turnerte ikkje etter Black Tie White Noise-albumet, men songen vart framført på Outside-turneen i 1995-96 og gjeven ut på konsertalbumet No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95) (2020).

Bakgrunn og stil Songen omhandla kjenslene til Bowie for den schizofrene halvbroren hans, Terry, som tok sjølvmord den 16. januar 1985 då han hoppa øre eit tog på Coulsdon South jernbanestasjon, etter å ha vore innlagt på Cane Hill Hospital. Teksten fortel om ein mann pressa til fullstendig desperasjon av presset som vert lagt på han. Bowie har òg snakka om sine eigne kjensler om å hoppe inn i det ukjende metafysisk sett. Musikalsk førte påverknaden til Nile Rodgers til ein funk-aktig stil, sjølv om songen òg syner innverknad frå samtidig jazz, med ein solo frå avant-jazz-trompetisten Lester Bowie.

Marknadsføring Som den første singelen frå albumet vart «Jump They Say» kraftig marknadsført av det nye selskapet til Bowie, Savage Records (via Arista Records i Europa). Ein påfallande musikkvideo vart laga av Mark Romanek, som synte Bowie som ein forretningsmann som vert paranoid av kollegaene sine, som tilsynelatande utfører eksperiment på han og tvinger han til å hoppe frå taket av bygningen til selskapet. Videoen var kraftig påverka av Jean-Luc Godard-filmen Alphaville frå 1965, i tillegg til Chris Marker-filmen La jetée og Orson Welles-filmen The Trial - begge frå 1962. Den uniformerte kvinna som overvaker Bowie gjennom teleskop er ein hyllest til flyvertinna på Pan-Am-romflyet i Stanley Kubrick-filmen 2001: A Space Odyssey frå 1968. Videoen vart hylla av Entertainment Weekly etter Bowie døydde i 2016 og sa «Bowie er ein glimrande skodespelar, og denne videoen er kanskje den beste skodespelarprestasjonen hans i ein musikkvideo.»

Sjølv om songen ikkje var den første Bowie gav ut etter Tin Machine, vart han marknadsført som eit comeback og nådde niandeplassen i Storbritannia, den einaste Topp 10-singelen hans mellom «Absolute Beginners» i 1986 og «Where Are We Now?» i 2013.

Mottaking Quentin Harrison frå Albumism skreiv at «den romantiske energien» frå ekteskapet til Bowie med Iman «sette eit hopp i det soniske trinnet på nokre av dei mørkarane songane på albumet», som «Jump They Say». Han la til at songen lyrisk sett «engasjerer seg i dei personlege konfliktane som betyr noko for Bowie.» Stephen Thomas Erlewine frå AllMusic skreiv om «det paranoide virvaret» i songen, og omtalte han som eit av «augneblikka» på albumet, som «er det første på lang tid som kjennest som klassisk Bowie». Larry Flick frå Billboard skreiv, «Å kikke inn i det første soloalbumet til Bowie på eit eon er ein kinetisk pop/funk-kamp. Den makelause stemma vaklar over ein gjeng med urolege gitarar, vridande rytmar og skakande horn. Det nye samarbeidet med Let's Dance-produsenten Nile Rodgers har potensial til å møte liknande topp 40-suksess, sjølv om innovative parti med remiksar allereie er i ferd med å bli ein klubbfavoritt her og i utlandet. Ein hjarteleg velkommen tilbakekomst.» Alan Jones frå Music Week skildra albumet som «Eit typisk teatralsk tilbakeblikk på glansdagane hans.» Han la til «Klubbgjengarar vil glede seg over Brothers In Rhythm/Leftfield-miksane som dreg han til dansegolvet.» James Hamilton frå magasinet RM nemnte «den dronande adenoidale vokalen hans». Reading Evening Post sa at songen er «overraskande god».Reading Evening Post. 18. mars 1993. p. 23. Henta 13. september 2021.

Innhald

7"-versjon «Jump They Say» (Radio edit) – 3:53 «Pallas Athena» (Don't Stop Praying Mix) – 5:36

12", Arista / 74321 139421 (EU) «Jump They Say» (Hardhands Mix) – 5:40 «Jump They Say» (full albumversjon) – 4:22 «Jump They Say» (Leftfield 12" vokal) – 7:42 «Jump They Say» (Dub Oddity Mix) – 4:44

12", Arista / 74 321 13 69 61 (EU) «Jump They Say» (Club Hart remix) – 5:05 «Jump They Say» (JAE-E Mix) – 5:32 «Jump They Say» (JAE-E Dub) – 4:48 «Jump They Say» (Leftfield remix) – 7:41 «Jump They Say» (Dub Oddity, ein annan Leftfield-miks) – 5:36 «Pallas Athena» (Don't Stop Praying Mix) – 5:36

CD, Arista / 74321 13696 2 (EU) «Jump They Say» (Radio edit) – 3:53 «Jump They Say» (JAE-E edit) – 3:58 «Jump They Say» (Club Hart remix) – 5:05 «Jump They Say» (Leftfield 12" vokal) – 7:42 «Pallas Athena» (albumversjon) – 4:40 «Pallas Athena» (Don't Stop Praying Mix) – 5:36

CD, Arista/ 74321 139422 (Storbritannia) «Jump They Say» (7"-versjon) – 3:53 «Jump They Say» (Hard Hands Mix) – 5:40 «Jump They Say» (JAE-E Mix) – 5:32 «Pallas Athena» (Don't Stop Praying Mix) – 5:36

inkluderer «eksklusiv» åttersiders diskografi utgjeve i dobbel-CD-omslag i lag med CD2.

CD, Arista / 74321 139432 (Storbritannia) «Jump They Say» (Brothers in Rhythm Mix) – 8:28 «Jump They Say» (Brothers in Rhythm Instrumental) – 6:25 «Jump They Say» (Leftfield 12" vokal) – 7:42 «Jump They Say» (full albumversjon) – 4:22

CD, Savage Records / 74785-50034-2 (USA) «Jump They Say» (album) – 4:23 «Jump They Say» (Radio Edit 1) – 4.02 «Jump They Say» (Club Hart remix) – 5:05 «Jump They Say» (Leftfield Remix) – 7:41 «Pallas Athena» (albumversjon) – 4:40 «Pallas Athena» (Don't Stop Praying Mix) – 5:36

Jump They Say (Radio Edit 1) er miksa av JAE-E og er den same som «Jump They Say» (JAE-E edit)

12", Arista / BIR 1 (USA) (Promotional) «Jump They Say» (Brothers in Rhythm Mix) – 8:28 «Jump They Say» (Brothers in Rhythm Instrumental) – 6:25

12", Savage Records/BMG / 74785-50042-1 (USA) A1. «Jump They Say» (Brothers in Rhythm mix) – 8:24 A2. «Jump They Say» (Leftfield remix) – 7:41 A3. «Jump They Say» (JAE-E remix) – 5:32 B1. «Jump They Say» (Brothers in Rhythm edit) – 3:54 B2. «Jump They Say» (Dub Oddity remix) – 6:13 B3. «Pallas Athena» (Don't Stop Praying remix) – 5:36

Konsertopptak Bowie framførte songen på Arsenio Hall Show i mai 1993 og spelte han stundom på Outside-turneen i 1995–96. Eit konsertopptak av songen kom ut på konsertalbumet No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95) (2020).

Andre utgjevingar Radio-versjonen kom ut på somme utgåver av samleplatene Bowie: The Singles 1969-1993 (1993), Best of Bowie (2002), Nothing Has Changed (2014) og Bowie Legacy (2016). Leftfield 12" vocal mix vart gjeven ut på den britiske utgåva av singelen «Little Wonder» i januar 1997 som kom i begrensa opplag. «JAE-E edit» (kalla «alternate mix») vart gjeven ut som bonusspor på CD-utgåva av Black Tie White Noise. På bonusplata som følgde 2003-utgåva av Black Tie White Noise, er det med tre remiksar av «Jump They Say»: «Rock Mix», «Brothers in Rhythm 12" Remix» og «Dub Oddity».

Salslister Liste (1993)PlasseringAustralia (ARIA)53Danmark (IFPI)9Europ (Eurochart Hot 100)19Finland (Suomen virallinen lista) 19Portugal (AFP)7Spania (AFYVE) 9UK Dance Singles (Music Week)4US Hot Dance Singles Sales (Billboard)9

Medverkande Produsentar: Nile Rodgers Musikarar: David Bowie – solovokal, saksofon Nile Rodgers – gitar, tromme-loopar Barry Campbell – bassgitar Richard Hilton – klaverinstrument Lester Bowie – trompet

Andre versjonar Death to the Legion - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jump They Say» frå , den 13. september 2021. oppgav desse kjeldene: Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000,

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1993 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Mark Romanek Kategori:Songar om sjølvmord Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av Nile Rodgers Kategori:Songar frå 1992 Kategori:Arista Records-singlar Kategori:Songar til minne om avdøde personar