1. Outside (med undertittelen The Nathan Adler Diaries: A Hyper-cycle) er det nittande studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie. Det kom ut 25. september 1995 på Arista Records, BMG og RCA Records i Europa og Virgin Records i USA. Det markerte gjenforeininga mellom Bowie og Brian Eno, som han hadde arbeidd med på Berlintrilogien i 1970-åra. Outside krinsar rundt karakterar i ei dystopisk verd på nyårsaftan 1999. Albumet sette Bowie attende på musikk-kartet med singlane «The Hearts Filthy Lesson», «Strangers When We Meet» og «Hallo Spaceboy» (remiksa av Pet Shop Boys).

Historie og utvikling Outside markerte eit nytt samarbeid mellom Bowie og Brian Eno, som ikkje hadde arbeidd i lag sidan slutten av 1970-åra på «Berlintrilogien» til Bowie. Dei møtte kvarandre i bryllaupet til Bowie og Iman Abdulmajid i 1992, der dei kvar spelte stykke av sin eigen musikk på bryllaupsfesten og gleda seg over korleis par på dansegolvet kom og gjekk. På det tidspunktet visste Bowie at «me var begge interessert i å nappe i periferien av det kommersielle i staden for å hoppe inn. Me sende kvarandre lange manifest om kva som mangla i musikken og kva me burde gjere. Me valde å verkeleg eksperimentere og gå i studio utan eit fnugg av ein idé.» Bowie og Eno vitja Gugging psykiatriske sjukehus nær Wien tidleg i 1994 og intervjua og fotograferte pasientar, som var kjende for sin «Outsider-kunst». Ein av songane på albumet, «I'm Deranged», var direkte inspirert av ein av pasientane Bowie intervjua på sjukehuset. Bowie og Eno tok med seg noko av kunsten attende til studio då dei arbeidde i lag i mars 1994 og kom opp med eit tre timar langt stykke som hovudsakleg bestod av dialog. Seint i 1994 spurte magasinet Q Bowie om å skrive ei dagbok for ti dagar, som dei skulle publisere i magasinet. Bowie frykta at dagboka hans kom til å vere keisam («...drog til studio, kom heim og la meg»), og valde i staden å skrive ei dagbok for ein av dei oppdikta karakterane (Nathan Adler) frå den tidlegare improvisasjonen hans med Eno. Bowie sa «I staden for ti dagar, vart det 15 år av livet hans!» Dette danna grunnlaget for soga på 1. Outside.

Resultatet vart, i motsetnad til tidlegare Bowie-album, at ikkje ein einaste song, utanom «Strangers When We Meet», vart skriven før bandet gjekk i studio. I staden for skreiv Bowie mange songar i lag med bandet i improviserte økter. Bowie og Eno fortsette med dei eksperimentelle låtskrivarteknikkane dei hadde byrja med attende under Berlintrilogien. I 1995, då han snakka til pressa om albumet, sa Bowie «Det Brian gjorde, som verkeleg var nyttig, er han gav alle kort i byrjinga av dagen. På kvart kort stod det skildra ein karakter, som 'Du er eit misnøgd medlem av eit sørafrikansk rockeband. Spelt dei tonane som vart undertrykte.' ... Fordi det sette tonen for dagen, tok musikken seg inn i alle desse uklåre områda. Og det var sjeldan det fall inn i ein klisjé.»

Dei «tilfeldige utklippa» frå soga om Adler er ein del av teksten på albumet og platenotata i omslaget, skriven av Bowie. Han skreiv dei inn på Macintosh-maskina si og så gjennom eit program kalla Verbasizer. Verbasizer var eit program skriven av Ty Roberts, som var med å skipe Gracenote, og kunne kutte opp og setje saman att orda til Bowie elektronisk, på liknande vis som han hadde gjort med papir, saks og lim attende i 1970-åra. Han såg så på teksten medan bandet spelte ein song og avgjorde «om eg skulle synge, gjere ein dialog, eller bli ein karakter. Eg improviserte med bandet, verkeleg kjapt på beina, kome frå ei linje til ei anna og sjå kva som fungere.» Bowie hevda det tok kring tre og ein halv time å bruke denne metoden til å skape «praktisk talt heile opphavet» til albumet Outside.

Med ei lengd på nesten 75 minutt er albumet det lengste Bowie har laga. Då det kom ut visste Bowie at det kunne bli eit problem. Han sa «så snart eg gav det ut tenkte eg 'Det er altfor langt. Det kjem til å døy.' Det er for mykje på det. Eg skulle ha gjort det om til to CD-plater.»

Konsept og tema upright|venstre|mini|Bowie i 1995 Platenotata består av ei novelle av Bowie kalla «The diary of Nathan Adler or the art-ritual murder of Baby Grace Blue: A non-linear Gothic Drama Hyper-cycle.», som fortel ei noko dystopisk utgåve av året 1999, der styresmaktene gjennom kunstkommisjonen sin har skapt eit nytt byrå som etterforskar kunstkriminalitet. I denne framtida har mord og lemlesting blitt ein ny populær undergrunnskunst. Hovudkarakteren, Nathan Adler, arbeidde med å avgjere kva av dette som var juridisk akseptabelt og kva som var søppel. Albumet er fylt med referansar til karakterar og liva deira medan han undersøkjer dei kompliserte hendingane som førte opp til mordet på ei fjorten år gammal jente. Ein kan bli ført til å tru at Nathan Adler arbeider for britiske styresmakter på grunn av referansar til byane London og Oxford, men i platenotata viser det seg, i det minste somme stader, at stadane er London i Ontario og Oxford i New Jersey, som indikerer at staden finn stad i Nord-Amerika eller, at det ikkje lenger er mogeleg å skilje mellom dei to stadane.

Bowie hevda at albumet hadde «ein smak av Diamond Dogs ... Ideen om at denne postapokalyptiske verda er der på eit vis. Du kan på eit vis kjenne det.» I intervju sa Bowie at albumet var meint å reflektere angsten dei siste fem åra av tusenåret og sa «Totalt sett er ein langsiktig ambisjon å gjere det til ein serie album som strekker seg til 1999 - å prøve og fange, ved hjelp av denne innretninga, korleis dei siste fem åra av dette tusenåret kjennest. Det er ei dagbok i dagboka. Forteljinga og historiene er ikkje innhaldet - innhaldet er mellomromma mellom dei lineære bitane. Den urolege, rare teksturen .... Åh, eg har dei varmaste vonene for fin de siècle. Eg ser det som eit symbolsk offerritual. Eg ser det som eit avvik, eit heidensk ønske om å blidgjere gudar, så vi kan gå vidare. Det er ein ekte andeleg svolt der ute som blir fylt av desse mutasjonane av nesten gløymde ritual. Å ta plassen til tomrommet etterlaten av ei ikkje-autoritativ kyrkje. Vi har denne panikknappen som fortel oss at det kjem til å bli ein kolossal galskap på slutten av dette hundreåret.»

Bowie var inspirert av performancekunstnaren Ron Athey og dette kom ofte fram i diskuasjonane til Bowie kring Outside, mellom anna i publiserte samtalar med Brian Eno.David Bowie and Brian Eno, ‘Internet Conversation, 26. oktober 1994’, Q (January 1995), 182–83 (183). Bowie refererte direkte til Athey i musikkvideoen til The Hearts Filthy Lesson (regissert av Samuel Bayer, 1995), der pornoskodespelaren Bud Hole framfører varemerket til Athey, «kirurgisk tornekrone» (utan løyve frå Athey, som tidlegare avslo å delta i videoen).Dominic Johnson, «Introduction: Towards a Moral and Just Psychopathology» in Pleading in the Blood: The Art and Performances of Ron Athey (Intellect and Live Art Development Agency, 2013), 17 Bowie laga òg eit digitalt manipulert portrett av Athey og Divinity Fudge (òg kjend som Darryl Carlton) til bidraget hans til ei spesialutgåve av magasinet Q same året.David Bowie, ‘The Diary of Nathan Addler: or, The Art-Ritual Murder of Baby Grace Belew – An Occasionally On-going Short Story’, Q (January 1995), 176–81 (181) Portrettet tileigna seg eit fotografi av Dona Ann McAdams som dokumenterte Athey-framsyninga 4 Scenes in a Harsh Life ved PS122 i New York. McAdams vann eit søksmål mot Bowie for å ha brukte biletet hennar utan løyve.Charise K. Lawrence, ‘David Bowie Makes Amends over Bloody Good Photos’, National Law Journal (3. juli 1995), A27.

I 1999 oppsummerte Bowie arbeidet sitt frå Outside og fram til då og sa «Kanskje den eine linja mellom nokre av greine på Outside og det kommande tusenåret er denne nye heidenske tilbedinga, heile søket etter eit nytt andeleg liv som pågår. På grunn av måten me har rive ideen om Gud med det triumviratet i byrjinga av hundreåret, Nietzsche, Einstein og Freud. Dei øydela verkeleg alt me trudde på. 'Tida bøyer seg, Gud er død, det indre eg er laga av mange personlegdommar' ... wow, kvar faen er me? [...] Eg lurer på om me har innsett at det einaste me kunne skapa som 'Gud' var hydrogenbomba og at fallet frå erkjenninga av at me som gudar berre ser ut til å forårsaka katastrofe, er folk som prøver å finne litt andeleg binding og universalitet med eit godt pleidd indre liv. Men det er òg denne positivismen du finn no som eigentleg ikkje var der på slutten av førre hundreåret. Deretter var det generelle slagordet blant det kunstnariske og litterære samfunnet at det var enda på verda. Dei følte verkeleg at det i 1899 ikkje var noko anna, at berre ein fullstendig katastrofe kunne følgje. Det er ikkje sånn no. Me kan vera litt forsiktige eller nervøse for det som er rundt hjørnet, men det er inga kjensle av at alt kjem til å ende i år 2000. I staden er det nesten ei festleg kjensle av 'rett', i det minste kan vi kome i gang og verkeleg dra det i land.'» Sjølv om han beklagelegvis sa «eg trur at alt kjem til å renne ut i sanden 1. januar. Å stå opp og bestemme kva du skal ete til frukost, det blir det mest spanande å gjere i Den nye tidsalderen.»

Plateomslag Plateomslaget er eit nærbilete av eit sjølvportrett av ein serie på fem måleri av David Bowie i 1995. Sjølvportrett heitte «The Dhead – Outside» og er eit litografi på 25,5 × 20 cm. Det originale portrettet var i den private kunstsamlinga til Bowie.

Oppfølgjaralbum Bowie hadde planlagt å lage eit album i året fram til slutten av hundreåret for å fortelje soga om korleis milleniet kjendest ut. Han sa «Dette er ein sjanse du berre får ein gang i livet, som eit forteljande instrument for å skrive ned dei siste fem åra av milleniet. Den overambisiøse intensjonen er å vidareføre dette til år 2000.» Han meinte han hadde spelt inn nok materiale under 1. Outside-innspelinga at han gav uttrykk for sin intensjon om å fortsette forteljinga gjennom ei samling på tre album. Han indikerte at han kom til å gje ut fleire album som heldt fram soga og sa «Eg føreser ganske godt at me neste år vil utvikle heilt andre karakterar, eller kanskje introdusere nokre av desse eller til og med fjernar nokre av dei. Kanskje me aldri finn Baby Grace. Kanskje blir Adler det neste offeret. Eg veit ikkje. Og det er det som er interessant. Kanskje me berre blir lei av drap som kunst og flyttar inn i eit anna område av samfunnet vårt. Det er alt å hente. Så eg er ganske interessert i framtida til denne saka.» Han meinte å kalle oppfølgjaren Contamination, og hadde skissert ut karakterar for albumet (inkludert nokre «1600-tals folk») og venta at albumet skulle kome ut våren 1997. I midten av 1996 sa Bowie i eit intervju at han tenkte å gå i studio i september eller oktober det året, berre han og Eno, for å arbeide på ein oppfølgjar til Outside, men skulle arbeide på eit studioalbum med turnébandet sitt i juli først. Alan Bangs Trass i dette vart det aldri laga nokon direkte oppfølgjar til Outside , og det neste albumet til Bowie var det jungle- og drum and bass-påverka albumet Earthling (1997). Etter at ein assisterande lydteknikar lak lydband meint for prosjektet på internett, skrinla Bowie ideen i følgje musikaren Mike Garson.

Bowie nemnte òg at han kanskje skulle gje ut eit album kalla Inside som kom til å omhandle produksjonen av Outside: «Me kjem til å forklare arbeidsmetodane våre på det, og syne eit bar jammar og meir av desse stemmene. Den første monologen med Baby Grace var 15 minuttar lang og særs Twin Peaks.» Det kom derimot aldri eit slikt album.

Om all musikken som vart spelt inn for albumet, sa Bowie «Det einaste eg verkeleg kan sei, og seriøst tenkjer på for framtida, er at eg vil setje tenna mine i det - det er berre så overveldande - er resten av musikken som Eno og eg gjorde då me spelte inn Outside. Me improviserte i åtte dagar og hadde kring 20 timar med musikk som eg ikkje ein gong er i nærleiken av å byrje og lytte til. Men det er absolutt nokre juvelar der...»