Gail Ann Dorsey () er ein amerikansk musikar rekna som ein av dei beste bassgitaristane og vokalistane innanfor alternativ rock. Med ein karriere som studiomusikar er ho mest kjend for den lange perioden ho har spelt med bandet til David Bowie, frå 1995 og fram til i dag. I tillegg til å spele bass har ho stundom sunge solo på konsertane hans, som på «Under Pressure», «The London Boys» og «I Dig Everything», og på ein coverversjon av Laurie Anderson sin «O Superman».
Frå 1993 til 1996 spelte Dorsey òg mykje med Tears for Fears, og samarbeidde med låtskrivinga i bandet. Ho har òg spelt med Bryan Ferry, Boy George, Indigo Girls, Khaled, Jane Siberry, The The, Skin, Gwen Stefani, Charlie Watts, Seal, Gang of Four, Susan Werner, ani difranco og Dar Williams.
I tillegg har ho gjeve ut tre soloalbum: The Corporate World (1988), Rude Blue (1992) og I Used To Be... (2003).
Diskografi Soloalbum The Corporate World (1988, Sire Records) Rude Blue (1992, Island Records) I Used To Be... (2003, Sad Bunny; 2004, UFO Music)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gail Ann Dorsey» frå , den 28. september 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Heimeside
Kategori:USA-amerikanske bassistar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:David Bowie Kategori:Indigo Girls-medlemmar Kategori:Musikarar frå Philadelphia Kategori:The The-medlemmar