«Slow Burn» er ein song av den engelske musikaren David Bowie. Han kom ut som den første singelen frå det 22. studioalbumet hans Heathen den 3. juni 2002. Songen kom ikkje på singel i Storbritannia. Det vart ikkje gjevne ut nokre singlar frå Heathen i Storbritannia før i september då «Everyone Says 'Hi'» kom ut. Pete Townshend speler gitar på songen. Songen vart nominert til Grammyprisen for beste mannlege rockesong.
Singelomslag Omslaget på singelen var fotografert av Markus Klinko der Bowie går framover med ein baby i armane. Det er sett saman av to bilete. Hovudet til Bowie er sett oppå hovudet til ein mannleg modell.
Musikkvideo Musikkvideoen til «Slow Burn» vart regissert av Gary Koepke, og kom ut i 2002. Ein musikkvideo for «Slow Burn» vart lasta opp til den offisielle DavidBowieVEVO YouTube-kanalen den 23. mars 2011. Videoen syner Bowie kledd i kvitt medan han syng songen i eit platestudio. I bakgrunnen går ei jente rundt i det mørke kontrollrommet og rører stundom på utstyr og miksepulten. Videoen er ein redigert versjon av songen.
Konsertopptak Songen vart framført på fleire TV-show i 2002, men vart berre framført på dei to første konsertane på Heathen-turneen og under ein promokonsert i Sony Music Studios i New York mellom dei to konsertane.
Innhald
CD-ar ISO-Columbia / 672744 1 (Austerrike) «Slow Burn» – 4:43 «Wood Jackson» – 4:48 «Shadow Man» – 4:46
ISO-Columbia / COL 672744 2 (Austerrike) «Slow Burn» – 4:43 «Wood Jackson» – 4:48 «Shadow Man» – 4:46 «When the Boys Come Marching Home» – 4:46 «You've Got a Habit of Leaving» – 4:51
Sony / SICP-162 (Japan) «Slow Burn» (edit) – 3:55 «Shadow Man» – 4:46 «When the Boys Come Marching Home» – 4:46 «You've Got a Habit of Leaving» – 4:51 «Baby Loves That Way» – 4:44
Medverkande Produsents David Bowie Tony Visconti Musikarar David Bowie – vokal, blåseinstrument Pete Townshend – gitar Tony Visconti – bassgitar, blokkfløyte, B-vox, strykearrangement Matt Chamberlain – trommer, loop-programmering, perkusjon David Torn – gitar, gitarsløyfer, Omnichord Jordan Rudess – piano og hammondorgel. The Scorchio Quartet Greg Kitzis – 1. fiolin Meg Okura – 2. fiolin Martha Mooke – bratsj Mary Wooten – cello
Salslister Liste (2002)Plassering Canada (Nielsen SoundScan) 33
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Slow Burn (song)» frå , den 20. september 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Slow Burn (work) on MusicBrainz.org.
Kategori:Singlar frå 2002 Kategori:Songar frå 2002 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Songar produserte av David Bowie