«New Killer Star» er ein song skriven og framført av David Bowie i 2003 for albumet Reality. Dette var den første singelen frå albumet og den einaste gjeven ut berre på DVD, bortsett frå i Italia og Canada. Eit kjent band får Nederland er kalla opp etter denne songen.

Som med mange Bowie-songar er det uklårt kva songen handlar om, sjølv om teksten inneheld nokre vage referansar til livet i New York etter 9/11. Musikkvideoen, regissert av Brumby Boylston frå National Television, fortel ei surrealistisk soge ved hjelp av linseforma-postkortbilete av eit romskip som nesten styrtar i USA.

Gerry Leonard nyttar ein EBow til å spele den gjentakande gitarbiten gjennom heile songen.

B-sida til singelen var ein coverversjon av Sigue Sigue Sputnik sin «Love Missile F1-11».

Innhald CD: ISO-Columbia / COL 674275 1 (Italia) «New Killer Star» - 4:40 «Love Missile F1-11»

CD: ISO-Columbia / 38K 3445 (Canada) «New Killer Star» (Edit) - 3:42 «Love Missile F1-11»

DVD: ISO/Columbia COL 674275 9 (Austerrike) «New Killer Star (videoversjon)» - 3:40 «Reality (Electronic Press Kit)» «Love Missile F1-11»

Medverkande Produsentar David Bowie Tony Visconti Musikarar: David Bowie: vokal, gitar Earl Slick: gitar Mike Garson: klaverinstrument Gail Ann Dorsey: korvokal Sterling Campbell: trommer Catherine Russell: korvokal Tony Visconti: bassgitar Gerry Leonard: gitar, korvokal

Salslister ListePlasseringFrankrike69Argentina6

Kjelder Denne artikkelen bygger på «New Killer Star» frå , den 29. september 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 2003 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Musikk om 11. september-åtaka Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av Tony Visconti