Tore Onshuus Sandvik () er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, oppvaksen på Kolstad i Trondheim. Sidan 4. februar 2025 har han vore forsvarsminister i Støre-regjeringa. Før det var han konstituert som klima- og miljøminister i regjeringa Støre medan Andreas Bjelland Eriksen har foreldrepermisjon frå 2. september 2024 til 31. desember 2024.
Politisk karriere Fylkesordførar Han er tidlegare fylkesordførar i Trøndelag fylke, og var den siste fylkesordføraren i Sør-Trøndelag fylke. Han vart vald til fylkesordførar i 2003, og vart vald på nytt ved lokalvalet i 2007 etter at Arbeidarpartiet gjekk fram med 10,5 prosentpoeng til 41,3 prosent i fylkestingsvalet i Sør-Trøndelag.
Som fylkesordførar har Sandvik særleg vore oppteken av regional næringspolitikk, og har mellom anna vore med-initiativtakar til næringspolitisk regionalsamarbeid med Kina, og det bedriftsretta programmet «Innflagging Trøndelag». Han har også styrkt samarbeidet mellom styresmakter og NTNU, SINTEF og næringsliv i trøndelagsregionen.
Statssekretær Sandvik har vore statssekretær to gongar: Nærings- og handelsdepartementet (2000–2001) og Nærings- og fiskeridepartementet (2023–2024).
Andre verv Sandvik har vore prosjektdirektør i IT-selskapet Extend AS. Før dette var han ungdomssekretær i LO i Sør-Trøndelag og visepresident i europeisk LO sin ungdomsorganisasjon, ETUC Youth.
Sandvik gav i 2004 ut boka Et nytt nei saman med partifellane Wegard Harsvik, Jo Stein Moen og Anne Marit Bjørnflaten.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tore O. Sandvik» frå , den 1. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Statsrådar i Regjeringa Støre Kategori:Norske forsvarsministrar Kategori:Fylkesordførarar i Trøndelag Kategori:Fylkesordførarar i Sør-Trøndelag Kategori:Ap-politikarar i Sør-Trøndelag Kategori:Statssekretærar frå Ap Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Stoltenberg I Kategori:Folk frå Trondheim