«Perfect Day» er ein song skriven av Lou Reed i 1972, opphavleg gjeven ut på albumet Transformer, det andre soloalbumet hans. Songen vart kjend på ny i 1990-åra då han vart nytta i filmen Trainspotting i 1996 og så gjeven ut som ein singel av BBC for veldedige føremål med mange stjerneartistar. Denne versjonen nådde førsteplassen i Storbritannia og låg på toppen i tre veker. Reed spelte inn songen på ny for albumet The Raven i 2003.

Ein versjon av Duran Duran nådde 28. plass i Storbritannia i 1995.

Songen Den originale innspelinga, som resten av Transformer vart produsert av David Bowie medan gitarist Mick Ronson skreiv arrangementet.

Songen har ein melankolsk vokal, og eit langsamt, pianobasert akkompagnement som balanserer den søte nostalgien («it's such a perfect day, I'm glad I spent it with you») med ein understraumande vondskap («you're gonna reap just what you sow»).Janovitz, Bill. [ Song review of Lou Reed's "Perfect Day"], Allmusic.com

Songteksten vert ofte rekna for å indikere ein enkel, ordinær romanse, kanskje om forholdet Reed hadde med Bettye Kronstadt (som kort tid etter vart den første kona hans) og Reed sine eigne konfliktar med seksualiteten sin, dopmusibruk og ego.Bockris, Victor (1995-08-01). Transformer: The Lou Reed Story. Simon & Schuster, august 1, 1995. (ISBN 978-0684803661)

BBC-singel

I 1997 vart songen nytta av BBC for å promotere den mangfaldige musikkdekninga BBC hadde. Songen vart innspelt med Lou Reed sjølv og andre store artistar, i det som Financial Times skildra som «ei forbausande rekkje artistar i verdsklasse».Dunkley, Christopher. "Hard sell of the fast cut", Financial Times, 10 oktober 1997 Som ein referanse til honorara, enda filmen med meldinga «Uansett kva musikksmak du har, er denne servert av BBC Radio og Fjernsyn. Dette er berre mogeleg takke vere den unike måten BBC vert betalt for av deg. BBC. Du gjer det til det det er.»Mulholland, John. "Such a perfect way to sing the praises of a licence fee; John Mulholland on how Lou Reed's anthem for doomed youth became the ultimate sales gimmick", The Guardian, 27 september 1997

Etter stor pågang frå publikum, vart songen gjeven ut på singel for Children in Need, og Lou Reed sa «Eg har aldri vore meir imponert av ei framføring av ein av mine songar»"Children to reap what Perfect Day sows", BBC News, 21 november 1997. Singelen gjekk til topps i Storbritannia og låg der i tre veker. Han selde over ein million eksemplar og førte inn £2 125 000."Perfect Day for children", BBC News, 12. oktober 1998 Songen hadde to tilleggsvers av songen, eit berre sungen av kvinnelege artistar, og eit berre av mannlege.

Artistar Artistane på singelen i rekkefølgja frå songen:

Lou Reed Bono Skye Edwards (frå Morcheeba)

David Bowie Suzanne Vega Elton John «Andrew Davis»

Boyzone Lesley Garrett «Lou Reed» Burning Spear Bono Thomas Allen Brodsky Quartet

Heather Small (frå M People) Emmylou Harris Tammy Wynette Shane MacGowan Sheona White (tenorhorn-spelar)

Dr. John David Bowie Robert Cray Huey (frå Fun Lovin' Criminals)

Ian Broudie (frå The Lightning Seeds) Gabrielle Dr. John Evan Dando (frå The Lemonheads) Emmylou Harris

Courtney Pine (sopransaksofonist) BBC Symphony Orchestra «Andrew Davis» «Bono»

Brett Anderson (frå Suede) Visual Ministry Choir Joan Armatrading Laurie Anderson Heather Small Tom Jones Heather Small Lou Reed

Duran Duran-versjonen

Duran Duran spelte inn ein versjon av «Perfect Day» som vart den første singelen frå coveralbumet deira Thank You. Singelen nådde 28. plass i Storbritannia i 1995.

Lou Reed har vorte sitert som ei inspirasjonskjelde av fleire medlemmar av Duran Duran og albumet Thank You var meint som ei hyllest til inspirasjonskjeldene deira, i same stil som David Bowie sitt Pin Ups.

Susan Boyle-versjonen

Den skotske songaren Susan Boyle spelte inn songen for det andre albumet hennar The Gift og den 8. november 2010 var denne gjeven ut som singel.

Konflikt med Lou Reed I september 2010 måtte Susan Boyle kansellere ei framføring på America's Got Talent i siste augneblink. Ho hadde planlagt å synge «Perfect Day», men to timar før showet vart ho fortalt at Lou Reed hadde nekta ho å framføre songen og ta han med på det komande albumet The Gift. Sidan ho og koret ikkje hadde tid til å øve inn ein annan song, valde ho å kansellere.NME: Lou Reed made Susan Boyle cry over 'America's Got Talent' refusal Published 9 september 2010. Henta 3. oktober 2010 Eit par dagar seinare uttalte representantar for Lou Reed at han ikkje hadde noko med avgjersla å gjere og at det berre var eit uhell med lisensen.Lou Reed - Reed Not To Blame For Susan Boyle's Perfect Day Snub

Eit par veker seinare sa ikkje Lou Reed seg berre samd i å la ho ta med songen på The Gift,NME: Lou Reed lets Susan Boyle cover 'Perfect Day' after all Published 22 september 2010. Henta 3. oktober 2011 men òg å produsere musikkvideoen hennar for songen. Videoen vart filma ved breidda av Loch Lomond og hadde premiere 7. november 2010.NME: Lou Reed creates 'intimate' video for Susan Boyle's 'Perfect Day' cover Published 7 november 2010. Henta 3. oktober 2011Susan Boyle's music video on YouTube

Hennar versjon av singelen nådde 124. plass i Storbritannia.

Andre versjonar Mange andre artistar har spelt inn sine versjonar av songen, som Glenn Gregory, Helen Hoffner, Kirsty MacColl, Chris Whitley, Antony Hegarty, T.S.O.L., Leningrad Cowboys, Patti Smith, Faith Yang, Dionysis Savvopoulos, Amanda Lear, Metric og The Jolly Boys.

Konsertversjonar er spelt av Lou Reed i lag med Luciano Pavarotti og av Coldplay, Amanda Palmer, Zemfira, Wolfmother og Andy Bull.

Rob de Nijs spelte inn ein nederlandsk versjon av songen i 1977 kalla «Lome Dag».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Perfect Day (Lou Reed song)» frå , den 3. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff MP3.com review Line-by-line list of songars

Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Lou Reed-songar Kategori:Singlar frå 1997 Kategori:Singlar frå 1998 Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-singlar i Irland Kategori:Duran Duran-songar Kategori:Songar skrivne av Lou Reed Kategori:Songar produserte av David Bowie