Thorium eller torium er eit radioaktivt grunnstoff med atomnummer 90 og kjemisk symbol Th. Det er eit aktinid. Grunnstoffet er kalla opp etter den norrøne guden Tor.
Særskilde kjenneteikn
Thoriumoksid (ThO2) har eit av dei høgaste kokepunkta (3300 °C) mellom oksida.
Bruk
Oksidet vert brukt som katalysator. Stoffet kan brukast i ein type kjernekraftverk for å generera elektrisk energi. Slike thoriumkraftverk er under utvikling, og ikkje nytta i stor skala.
Historie Mineralet thoritt vart oppdaga i 1828 av den norske presten Morten Thrane Esmark. På dette grunnlaget påviste Jöns Berzelius grunnstoffet thorium i 1829. Det nyoppdaga stoffet vart oppkalla etter den norrøne guden Tor
Sjå også Grunnstoffliste Isotoptabell Periodesystemet
Bakgrunnsstoff Webelements.com - thorium
Kategori:Aktinid Kategori:Kjernebrensel Kategori:Karsinogen Kategori:Grunnstoff