Horgen er eitt av dei tolv distrikta i den tysk-talande kantonen Zürich i Sveits. Distriktet ligg på sørvestbreidda av Zürichsjøen. Horgen ligg sør i kantonen, og grensar mot kantonane Zug og Schwyz. Horgen hadde 115 106 innbyggarar per 31. desember 2010, og dekker eit areal på 104 km2. Byen Horgen, som ligg i sentralt i distriktet, er hovudstad.

Distriktet omfattar tolv kommunar. Dei er Adliswil, Hirzel, Horgen, Hütten, Kilchberg, Langnau am Albis, Oberrieden, Richterswil, Rüschlikon, Schönenberg, Thalwil og Wädenswil.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Horgen (Bezirk)» frå , den 5. oktober 2011.

Bakgrunnsstoff

Horgen