Growing Up in Public er det tiande studioalbumet til den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut i 1980 på Arista Records.
Growing Up in Public nådde 158. plassen på Billboard 200. Det vart gjeve ut ein singel frå albumet, «The Power of Positive Drinking», som ikkje gjekk inn på singellista.
Produksjon Michael Fonfara og Reed produserte albumet. Det vart skrive og spelt inn i løpet av ein periode på seks veker i studioet til George Martin, AIR Studios på Montserrat.
Mottaking Rolling Stone kalla albumet «ein polert pakke med bombastisk rock and roll - faktisk truleg det beste kommersielle forsøket til Reed sidan topp 10-anomalien hans frå 1974, Sally Can’t Dance.» Trouser Press skreiv at Reed nytta «drivande rock og delikate melodiar til å akkompagnere tankefulle tekstar og lidenskapeleg synging.»
Innhald
Medverkande Henta frå plateomslaget til Growing Up in Public. Lou Reed – vokal, gitar Michael Fonfara – klaverinstrument, gitar Chuck Hammer – gitar, gitarsynthesizer Michael Suchorsky – trommer Ellard «Moose» Boles – bassgitar, korvokal Stuart Heinrich – gitar, korvokal
Produksjon Lou Reed – plateprodusent Michael Fonfara – produsent Corky Stasiak – lydteknikar Tony George – assisterande lydteknikar Howard Fritzson – design Mick Rock – fotografi
Salslister ListePlasseringUS Billboard 200158
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Growing Up in Public (Lou Reed album)» frå , den 7. april 2022. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Musikkalbum frå 1980 Kategori:Album produserte av Lou Reed Kategori:Lou Reed-album Kategori:Plateomslag av Mick Rock Kategori:Arista Records-album Kategori:Album spelte inn i AIR Studios