Lauterbrunnen er ein kommune i distriktet Interlaken-Oberhasli i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 795 meter over havet.
mini|venstre|Landsbyen Lauterbrunnen
Kommunen består av ein trong dal, Lauterbrunnental, der landsbyane Lauterbrunnen og Stechelberg ligg. Landsbyane Mürren, Gimmelwald og Isenfluh ligg i hengedalar aust for Lauterbrunnental, medan den kjende skisportstaden Wengen ligg vest for hovuddalen. Korkje til Gimmelwald, Mürren eller Wengen går det bilveg, til desse stadene går det jarnbane eller togbane. Namnet Lauterbrunnen kjem av dei 72 fossane som finst i Lauterbrunnental. Den mest kjende av desse er Staubbachfall mindre enn ein kilometer frå Lauterbrunnen. Elva Lütschine renn gjennom Lauterbrunnen.
Allereie i dei første tiåra av 1800-talet byrja det kome turistar til kommunen, særleg dei som var inspirert av kunstretninga romantikken. Sidan det første hotellet kom opp i Wengen i 1859, har kommunen vakse fram til eit stort turistmål.
Galleri
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lauterbrunnen» frå , den 8. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff www.lauterbrunnen.ch Offisiell nettstad
Truemmelbachfaelle
Kategori:Kommunar i Bern Kategori:Berner Oberland