Songs for Drella er eit album av Lou Reed og John Cale, begge tidlegare i The Velvet Underground. Albumet er ein songsyklus om Andy Warhol, som var mentoren deira og som hadde døydd etter ein rutineoperasjon i 1987. Drella var kallenamnet til Warhol, som han fekk av skodespelarinna Ondine, ei samandraging av Dracula og Cinderella. Songsyklusen fokuserer på dei personlege forholda og opplevingane hans. Songane fell i stort sett tre kategoriar: songar sett frå Warhol sitt perspektiv, tredjepersonsforteljingar om hendingar og forhold, og førstepersonskommentarar om Warhol av Reed og Cale sjølv. Songane omhandlar stort sett hendingane i kronologisk rekkjefølgje.
Innspeling Lou Reed og John Cale snakka til kvarandre for første gongen på mange år i gravferda til Warhol i St. Patrick's Cathedral i New York den 1. april 1987. Målaren Julian Schnabel føreslo at dei skulle skrive eit minnestykke for Warhol. 7. og 8. januar 1989 framførte Cale og Reed delar av Songs for Drella i The Church of St. Anne's i Brooklyn.Fear Is A Man's Best Friend fansite - John Cale setlists 1989: New York 1989-01-08 Likevel tok prosjektet enno eit år å fullføre, medan Cale fullførte sitt Words for the Dying, og Reed fullførte og turnerte med hans New York-album. Den første fulle versjonen (med «A Dream» på ei av framføringane) vart framført 29. og 30. november og 2. og 3. desember på The Next Wave Festival i Brooklyn Academy of Music.Fear Is A Man's Best Friend fansite - John Cale setlists 1989: New York 1989-11-30 4. og 5. desember 1989 vart ei konsertframføring utan publikum filma i The Brooklyn Academy of Music, regissert av Ed Lachman, og gjeve ut på VHS og laserdisc.Fear Is A Man's Best Friend fansite - John Cale on screen: Songs for Drella video (includes link to full video online)Songs for Drella video at Internet Movie Database Dei neste to månadane fortsette Reed og Cale å spele inn materiale for albumet, som kom ut i 1990 på Sire Records.
Albumet var det første fulle samarbeidet deira sidan White Light/White Heat i 1968, og mot slutten av innspelinga hevda Cale at han aldri skulle arbeide med Reed igjen på grunn av personlege skilnader, men Songs for Drella vart likevel opptakten til ei gjenforeining med Velvet Underground. Etter at dei framførte eit utval av Drella den 15. juni 1990 under ei Warhol/Velvet Underground-utstilling på Cartier Foundation i Jouy-en-Josas, fekk Reed og Cale med seg Sterling Morrison og Maureen Tucker på scenen for ei framføring av Velvet Underground-songen «Heroin»,Fear Is A Man's Best Friend fansite - John Cale setlists 1990: Jouy-En-Josas 1990-06-15 som så førte til den første og einaste gjenforeininga av Velvet Underground. Dette fann stad i 1993 (etter at Cale og Reed, igjen, svor at dei aldri skulle arbeide i lag igjen).
Mottaking
Songs for Drella fekk positive meldingar og god kritikk då det kom ut. Rolling Stone gav fire stjerner og Paul Evans skreiv «Begge nærmar seg femti og Reed og Cale. I populær musikken er det berre bluesmenn og countrystjerner som har klart å syne modenheita desse to syner.» Spin skildra Songs for Drella som «eit rørande vitnesbyrd til eit av dei viktigaste ikona i 1960-åra» og kåra det til eit av dei 20 beste albuma i 1990.
Innhald Alle songane skrivne av Lou Reed og John Cale.
Singlar «Nobody But You» med «Style It Takes»—7" i Tyskland i 1990.
«Nobody But You»; «Style It Takes» med «A Dream»—12" & CD-single i Tyskland i 1990.
Salslister Liste (1992)PlasseringAustralia (ARIA Charts)100Nederland17
Medverkande John Cale – vokal, klaverinstrument, bratsj Lou Reed – vokal, gitar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Songs for Drella» frå , den 9. april 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Lou Reed-album Kategori:John Cale-album Kategori:Musikkalbum frå 1990 Kategori:Album produserte av Lou Reed Kategori:Album produserte av John Cale Kategori:Konseptalbum Kategori:Andy Warhol Kategori:Sire Records-album Kategori:Hyllestalbum Kategori:Samarbeidsalbum