left|mini|Kabuso left|mini|Ingebrigt Vik-museet left|mini|Fyksesundbrua left|mini|Gravlegging ved Øystese kyrkje. Bilete frå slutten av 1800-talet. Øystese er ein tettstad og eit sokn ved Hardangerfjorden i Kvam herad, om lag 7 km aust for Norheimsund. Fylkesveg 7 går gjennom bygda.

Kultur I Øystese ligg skulpturmuseet etter bilethoggaren Ingebrigt Vik, og kunst- og konserthallen Kabuso som er tusenårsstadi Hordaland.

Natur og friluftsliv Fire kilometer nord for tettstaden ligg Skårsvatnet med fem fiskeartar: Gullvederbuk, karuss, aure, ål og trepigga stingsild. Vatnet har ei flatevidde på 82 dekar og ligg 113 meter over havet. Gullvederbuk og karuss vart utsett i vatnet i 1914, og førstnemnde har gjort Skårsvatnet kjent som "Gullfiskvatnet".

Øystese tettstad

Øystese sokn Øystese sokn har om lag 2 750 (2013) innbyggjarar og femnar om dels sjølve tettstaden med omgjevand, dels bygdene runt Fyksesund, og i tillegg Kvamsøy ute i Hardangerfjorden. Tidlegare høyrde også Ålvik til Øystese, men det er i dag eit eige sokn.

Kjende personar frå Øystese Ingebrigt Vik - bilethoggar Johannes Lofthus - skulemann Nils Gunnar Lie - journalist Knut Hjeltnes - diskoskastar Arne Johannessen - leiar Politiets Fellesforbund Torstein Lofthus - trommeslagar Frank Kjosås - skodespelar Heidi Marie Vestrheim - musikar og programleiar

Kategori:Busetnader i Kvam Kategori:Tettstader i Vestland