David Michael Alexander () var ein amerikansk musikar som er mest kjend som den originale bassisten i rockebandet The Stooges.

Karriere Etter at familien flytta til Ann Arbor i Michigan møtte han brørne Ron og Scott Asheton på skulen. Etter kvart møtte dei tre Iggy Pop og dei danna i lag The Stooges i 1967. Sjølv om Alexander ikkje var ein dyktig musikar, lærte han raskt og tok snart del i både arrangering og låtskriving, og spelte på alle songane på dei to første albuma til bandet, The Stooges og Fun House.

Alkolholmisbruk og død Alexander vart sparka frå bandet i august 1970 etter at han møtte opp på Goose Lake International Music Festival for full til å kunne spele.Keith Cameron Return To The Fun House Mojo #161, April 2007

Han døydde av lungeødem i 1975 27 år gammal i Ann Arbor etter å ha vorte innlagd på sjukehuset for pankreatitt, som igjen var knytt til det store alkoholkonsumet hans.

Iggy Pop nemner Alexander i den munnlege introen til songen «Dum Dum Boys» frå albumet The Idiot, og seier:

How about Dave? OD'd on alcohol

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dave Alexander (musician)» frå , den 14. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Dave Alexander på Open Up and Bleed-sida iggypop.org: Iggy and the Stooges-side

Kategori:USA-amerikanske bassistar Kategori:Folk frå Ann Arbor Kategori:The Stooges-medlemmar