mini|høgre| Bryggje i Port Levy. mini|høgre|Bryggja som vist i filmen Sorte engler (Heavenly Creatures) frå 1994. Port Levy er ei lang, skjerma bukt og ein liten busetnad på Bankshalvøya i regionen Canterbury.
Det noverande folketalet ligg under 100, medan på midten av 1800-talet var staden den største maoribusetnaden i Canterbury med eit folketal på kring 400. Han har fått namn etter Solomon Levey, ein forretningsmann og skipseigar frå Sydney som sende fleire handelsskip til området kring Bankshalvøya i 1820-åra.
Historie Bukta vart busett av Ngai Tūāhuriri, ein understamme av iwien Ngāi Tahu, og høvdingen Moki kalla henne Koukourarata etter ein bekk i Wellington, til minne om fødselen til far hans, Tu Ahuriri.
Dette var også bustaden til Tautahi, høvdingen som sumplandet Ōtautahi fekk namn etter - no staden der byen Christchurch ligg.
Den første anglikanske kyrkja for maoriar vart bygd her, og ein stein markerer staden der ho stod.
Anna Delar av Peter Jackson sin film Sorte engler (Heavenly Creatures) frå 1994 vart tekne opp i Port Levy.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Port Levy» frå , den 18. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff Vevside til lokalsamfunnet Nyare samfunnsstatistikk frå Statistics New Zealand Historikk om māori busetnad i distriktet Opptaksstadar til filmen Heavenly Creatures Biografi til Solomon Levey
Kategori:Canterbury på New Zealand Kategori:Bukter på New Zealand Kategori:Hamner på New Zealand Kategori:Busetnader i Canterbury på New Zealand