Alain Connes () er ein fransk matematikar og ein av dei viktigaste matematikarane i vår tid.

Han er professor ved Collège de France og Institut des hautes études scientifiques i Paris. Hovudverket hans er Géométrie non commutative (1990), der han lanserte ei omfattande utviding av geometrien. I lag med nevrobiologen J.-P. Changeux gav han ut boka Matière à pensée (1989). Connes har mellom anna løyst fleire vanskelege problem innan teorien for operatoralgebraer og har oppretta samband mellom felt som algebraisk geometri, algebra og matematisk analyse.

I 1982 fekk Connes Fields-medaljen og er medlem av Det franske vitskapsakademiet.

Kjelder Alain Connes. (2011-10-18) i Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Alain_Connes

Kategori:Franske matematikarar Kategori:Fieldsmedaljen Kategori:Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Medlemmar av Det kongelege danske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Differensialgeometerar Kategori:Matematikarar på 1900-talet Kategori:Matematikarar på 2000-talet