Karl Ferdinand Degen () var ein dansk matematikar.

Han var professor i matematikk ved universitetet i København frå 1814. Blant dei matematiske arbeida hans kan ein særleg nemne tabellane hans over løysingar av den såkalla pellske likninga. Niels Henrik Abel meddelte nokre av dei første matematiske resultata sine i brev til Degen, og studiane til Abel av elliptiske funksjonar skuldast truleg innverknaden til Degen.

Kjelder

Kategori:Danske matematikarar Kategori:Folk frå Braunschweig Kategori:Matematikarar på 1800-talet