American Caesar er eit album frå 1993 av Iggy Pop. Etter suksessen med Brick by Brick heldt Pop fram det tekstmessige temaet frå dette albumet, medan han gjorde det musikalske grunnlaget tøffare. ALbumet vert derfor ofte rekna som eit av dei sterkaste albuma hans frå 90-åra.
Omslaget på den britiske utgåva hadde følgjande tekst: «Parental Warning: this is an Iggy Pop record». Det vart laga musikkvideoar for «Wild America» og «Beside you». Andre nemneverdige augneblink på albumet er «Highway Song» og ein ambisiøs coverversjon av «Louie Louie» (gjort kjend av The Kingsmen) som Iggy skreiv sin eigen komiske og politiske tekst for. Han vart seinare nytta som opningsmelodi for Michael Moore-filmen Capitalism: A Love Story.
Den første singelen frå albumet «Wild America», nådde 25. plass på Modern Rock-lista i USA. Albumet selde ikkje like godt som føregangaren, men gjorde det godt i Storbritannia og selde bra i 90-åra i Amerika.
Innhald
Medverkande Iggy Pop - gitar, vokal Eric Schermerhorn - gitar Malcolm Burn - gitar, klaverinstrument, munnspel Hal Cragin - bass Larry Mullins - trommer, perkusjon Jay Joyce - gitar på «Wild America» & «Mixin' The Colours» Bill Dillon - gitar på «Mixin' The Colours» Darryl Johnson - perkusjon på «Mixin' The Colours» Henry Rollins - korvokal på «Wild America» Katell Keineg - korvokal på «Mixin' The Colours» Lisa Germano - korvokal på «Beside You»
Teknisk Mark Howard - innspeling Trina Shoemaker - lydteknikar Todd Vos - lydteknikar
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «American Caesar (album)» frå , den 21. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Iggy Pop-album Kategori:Musikkalbum frå 1993 Kategori:Virgin Records-album Kategori:Album produserte av Malcolm Burn