Préliminaires er det 16. studioalbumet til den amerikanske rockesongaren Iggy Pop, gjeve ut 25. mai 2009 på selskapet Astralwerks. Det var inspirert av Michel Houellebecq-romanen La Possibilité d'une île.

I motsetnad til tidlegare album, er dette mindre rock-orientert og vart av Pop sagt å vere «eit rolegare album med jazz-overtonar» med stilar påverka av New Orleans-jazzartistar som Louis Armstrong og Jelly Roll Morton. Pop innrømde òg at albumet var eit svar på at han var «dritlei å lytte til idiotar med gitarar som hamra ut dritmusikk».

Albumet inneheldt ein coverversjon av den franske jazzstandarden «Les feuilles mortes» frå 1940-åra, som Iggy syng på fransk. Songen er mest knytt til artistar som Yves Montand og Edith Piaf. Albumet inneheld òg songar som «How Insensitive», ein bossa nova-standard av Antônio Carlos Jobim, og «Nice to Be Dead», ein meir swamp rock-song.

Plateomslaget vart laga av den fransk-iranske romanforfattaren og animatøren Marjane Satrapi.

Mottaking Albumet fekk 66 av 100 på Metacritic, basert på 27 meldingar, noko som indikerer generelt greie meldingar.

Albumet debuterte på 187. plassen på Billboard 200, og selde kring 3000 eksemplar den første veka ho kom ut. Albumet har fram til februar 2016 seld 10 000 eksemplar i USA.

Innhald

Medverkande Iggy Pop – vokal, konsept, gitar på «He's Dead, She's Alive» Hal Cragin – bass, gitar, perkusjon, klaverinstrument, trommeprogrammering Kevin Hupp - trommer, conga Jon Cowherd – piano på «King of the Dogs» Clarence L. Banks - trombone på «King of the Dogs» Tim Ouimette – trompet på «King of the Dogs» Marc Phaneuf- klarinett på «Les feuilles mortes», «King of the Dogs» og «Les feuilles mortes (Marc's Theme)» Lucie Aimé - vokal på «Je sais que tu sais» Teknisk Alfred Figueroa, Iggy Pop, Kevin Hupp - lydteknikarar Marjane Satrapi - måleri «King of the Dogs» inneheld element av «King of the Zulus» skriven av Lillian Hardin Armstrong

Salslister Liste (2009)PlasseringDen belgiske albumlista (Flandern)76Den belgiske albumlista (Vallonia)39Den franske albumlista19Den svenske albumlista44Den sveitsiske albumlista48

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Préliminaires» frå , den 22. oktober 2011.

Kategori:Iggy Pop-album Kategori:Musikkalbum frå 2009 Kategori:Virgin Records-album