Louis de Broglie () var ein fransk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1929 for oppdaginga av elektronet sin bølgenatur.
I løpet av 1800-talet hadde det vakse fram ei forståing for at ljos var elektromagnetiske bølgjer, medan elektron var partiklar. Etter at Einstein i 1905 framsette teorien sin om den fotoelektriske effekt, vart det klart at ljos har både bølgje- og partikkel-eigenskapar. De Broglie foreslo difor, etter intens eksperimentering i 1920-åra, at òg elektronet har ein slik dualitet. Dette viste seg å vere riktig, og å gjelde alle elementærpartiklar.
Han arbeidde òg aktivt for skipinga av CERN, og blir sett på som ein av grunnleggjarane.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Medlemmer av Det franske akademiet Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Franske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Franske fysikarar Kategori:Partikkelfysikarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Folk tilknytte CERN