mini|Thorvaldsens Museum sett frå kanalen

Thorvaldsens Museum er eit enkeltkunstnarmuseum på Slotsholmen i København ved sidan av Christiansborg.

Museet er oppført 1839-1848 etter ei offentleg innsamling i 1837 og er teikna av Michael Gottlieb Bindesbøll. Det vart oppført på fundamentet af Christiansborgs tidlegare vogngard på avfallsplassen Skarnholm.

Det opna 18. september 1848.

Bertel Thorvaldsen døydde fire år før museet stod ferdig. Ei veke før museet opna for publikum, vart kista hans flytta frå Vor Frue Kirke til gravkammeret i museets indre gard.

Thorvaldsens Museum er freda.Fredningssag:Thorvaldsens Museum frå Kulturstyrelsen

Museumsbygget Bygget er inspirert av den antikke greske arkitekturen og bygd rundt eit indre gardsrom der kunstnaren ligg gravlagd. Det er nemneverdig på grunn av fargebruken både inn- og utvendig. Kvart rom i museet har ein unik takdekorasjon i grotesk stil. Frisa på yttermuren til museet skildrar Thorvaldsens heimkomst frå Roma i 1838. Ho er laga av målaren Jørgen Sonne. Frisa forfall og vart i 1949-59 trekt av muren og erstatta av ein kopi laga av målaren Axel Salto.Peder Bundgaard: København - du har alt (s. 120), forlaget Borgen, København 1996, ISBN 87-21-00499-4

Samling Museet rommar ei lang rekke av Thorvaldsens verk i mormor og originale gipsmodellar, som vart brukt ved framstillinga av dei endelege marmor- og bronseverka og relieffa. Fleire gipsmodellar er stilt ut i museet. Originalane kan ein i dag sjå i museum, kyrkjer og andre stader rundt om i verda. Museet eig ei lang rekke måleri, antikkar, erotika, teikningar og grafikk, som Thorvaldsen samla, og ei rekke gjenstandar, som Thorvaldsen brukte i arbeidet sitt og i kvardagen.

Kunstverk i samlinga

Jason med det gylne skinn 1803–1828, statueOuvrir diaporama sur les sculptures classiques ; Ganymedes med Jupiters ørn av Bertel Thorvaldsen, groupe, 1817 ; Les trois Grâces avec Cupidon, groupe, 1817-1818 ; Cupidon et Psyché, groupe ; Berger au chien, 1800, groupe ; Hébe, 1806 ; La Nuit avec ses enfants par Bertel Thorvaldsen, Le Sommeil et la Mort, 1815 ; Vénus med eplet (ou Vénus Victrix), 1805

Direktørar A.P. Grüner Hother Hage 1932-1963 Sigurd Schultz 1963-1989 Dyveke Helsted 1989-2016 Stig Miss 2017- Annette Johansen

Referansar

Bakgrunnsstoff Nettstaden til Thorvaldsens Museum

Kategori:Museum i Danmark Kategori:Byggverk i København Kategori:Slotsholmen Kategori:Skipingar i 1848 Kategori:Museum skipa i 1840-åra Kategori:1848 i Danmark Kategori:Freda bygg i Danmark