Too Much Too Soon er det andre studioalbumet til det amerikanske hardrockbandet New York Dolls. Det kom ut 10. mai 1974 på Mercury Records. The Dolls spelte inn albumet tidlegare det året i A&R Studios i New York City med den erfarne produsenten Shadow Morton, som vart henta inn av frontmannen i bandet, David Johansen, etter at dei var misnøgd med innspelinga av det sjølvoppkalla debutalbumet deira frå 1973. Morton hadde vorte skuffa over musikkindustrien, men energien til bandet motiverte han til å ta på seg prosjektet som ei utfordring.

Sjølv om The Dolls likte Morton, produserte dei lite originalt materiale med han. For å fullføra Too Much Too Soon, spelte dei inn eldre songar, i tillegg til at dei spelte inn tidlegare demoar på nytt. Johansen etterlikna forskjellige karakterar medan han song nokre av songane, og Morton nytta mange studiolydeffekter og kvinneleg korvokal i produksjonen sin. For albumet skreiv og spelte hovudgitaristen Johnny Thunders inn «Chatterbox», den første innspelinga der han song solo.

Too Much Too Soon selde dårleg og nådde berre 167. plassen på Billboard 200. Etter ein problemfylt nasjonal turné vart New York Dolls droppa av Mercury og oppløyst nokre år seinare. Albumet fekk positive meldingar frå dei fleste kritikarane, og nokre meinte at produksjonen til Morton framheva den rå lyden i gruppa og gjorde ho til ei betre plate enn deira første. Til liks med debutalbumet deira, vart Too Much Too Soon ei av dei mest populære kultplatene i rocken og har sidan av musikkjournalistar vorte sett på som ein forløpar til punkrocken.

Bakgrunn mini|The New York Dolls i 1973.

Etter å ha vorte signert av Mercury Records, gav New York Dolls ut det sjølvoppkalla debutalbumet deira i 1973 til dårleg sal. Sjølv om det vart rost av kritikarar, var ikkje bandet nøgd med lyden til produsenten Todd Rundgren ¨på albumet og hadde usemjer med han før dei valde å la han gå. Låtskrivings- og produksjonspartnarane Jerry Leiber og Mike Stoller vart opphavleg henta til å produsera det neste albumet, medan gitaristen i bandet Johnny Thunders ønskte å produsera det sjølv. Leiber og Stoller trekte seg likevel kort tid før innspelinga skulle byrja.; . Gruppa heldt ei enkelt økt med A&R-sjefen i Mercury, Paul Nelson, i Mediasound Studios i New York City, der dei spelte inn 14 songar, der dei fleste var coverversjonar.

Etter oppmoding frå Leiber og Stoller bad frontmannen David Johansen veteranprodusenten Shadow Morton om å jobba med albumet.; . Morton var mest kjent for arbeidet sitt med The Shangri-Las, som New York Dolls var fan av, og hadde òg vore Johansen sitt førsteval til å produsera debutalbumet deira. Morton hadde vorte misnøgd med musikkindustrien og ønskte å utfordra seg sjølv ved å produsera andrealbumet til bandet: «The Dolls hadde energi, ein slags disiplinert rarheit. Eg tok dei inn i rommet som ei utfordring. Eg var lei av musikken og forretningane. The Dolls kan absolutt ta deg ut av keisemda.»

Innspeling og produksjon

Med Morton spelte New York Dolls inn Too Much Too Soon i 1974 i A&R Studios i New York City.; . Albumet vart seinare mastra på Sterling Sound og Masterdisk. I løpet av øktene lét Morton Johansen spela inn vokalen fleire gangar og nytta lydeffektar som gongar, pistolskot og kvinneleg koristar. I ein rapport om framgangen til albumet for Melody Maker, skreiv journalisten Lenny Kaye at dei brukte meir tid enn dei hadde på den første plata si, «hentar inn sporadiske strykarar og horn, etter råd fro Shadow om ikkje å 'slå seg til ro'. Morton og bandet likte kvarandre, då han syntest energien i gruppa i studioet var forfriskande, medan Johansen var glad i Morton og den «lausare» kjensla han gav musikken deira. «Den mannen er heilt upretensiøs», sa Johansen om produsenten. «Han trur ikkje han nokon gong har gjort ein fantastisk ting i livet sitt.»; .

New York Dolls og Morton produserte lite originalt materiale saman. For å fullføra albumet måtte dei spela inn coverlåtar og spela inn nokre av dei tidlegare demoane til bandet på nytt. «Babylon», «Who Are the Mystery Girls?», «It's Too Late» og «Human Being» vart spelt inn av bandet i mars 1973 som demoar for Mercury før etiketten signerte dei. Dei hadde òg spelt inn demoar av to songar skrivne av gitaristen Sylvain Sylvain, «Teenage News» og «Too Much Too Soon», før dei jobba med Morton, men ingen av dei vart vurderte for albumet. Sylvain sa at han konfronterte Morton om denne avgjerda, og hugsa at han hadde hatt det travelt: «Han var for rask med meg og sa at han berre hadde fått beskjed om å høyra på David Johansen og Johnny Thunders. Han ville ikkje fortelja meg kven som hadde fortalt han det, men det var tydelegvis managerane. Eg berre gjekk ut, det heile gjorde meg galen.»

I følgje journalisten Tony Fletcher ville Morton vore meir produktiv på Too Much Too Soon hadde det ikkje vore for alkoholismen hans og livsstilen til bandmedlemmene – bassisten Arthur Kane var òg alkoholikar, medan Thunders og trommeslagaren Jerry Nolan hadde heroinavhengnad. Robert Christgau meinte at New York Dolls lente seg meir på coverlåtar på dette albumet fordi, «som så mange cocky låtskrivarar, overbelasta David Johansen debuten sin med originalar og fann deretter ut at platepromotering ikkje var ein livsaktivitet som inspirerte til nye songar.» Den engelske forfattaren Clinton Heylin sa at den manglande evna deira til å selja nok plater før kan ha gjort dei motvillige til å skriva originale songar.

Musikk og tekst Ifølgje magasinet Billboard er Too Much Too Soon nok ei hardrock-plate av New York Dolls, men med meir «sofistikert» produksjon. Musikkjournalist Nina Antonia skreiv at på grunn av den «utembare villskapen» deira, høyrest plata framleis eksentrisk ut trass i Morton sitt forsøk på å «polera» lyden deira, til dømes ved å dempa det elles uraffinerte gitarspelet deira. Albumet inneheld ein cover av The Cadets-hitten «Stranded in the Jungle» frå 1956, Archie Bell-hitten «There's Gonna Be a Showdown» frå 1969 og Sonny Boy Williamson sin «Don't Start Me Talkin'». På dei nye coverlåtene etterliknar Johansen karakterar som stepperen i «(There's Gonna Be A) Showdown» og Charlie Chan i «Bad Detective», som har tekstar som skildrar ei meiningslaus forteljing sett til Kina.; . På «Stranded in the Jungle» vekslar han mellom ei komisk avvisning og ein liderleg mann på kjærleiksstien. Journalisten Ellen Willis skreiv at, til liks med songen deira «Personality Crisis» frå 1973, indikerer «Stranded in the Jungle» eit tema om «samanstøytande kulturar og dilemmaet med å bevara sin eigenart medan ein når ut til andre». upright|mini|«Chatterbox» vart skriven og sungen av sologitaristen Johnny Thunders (avbilda i 1979).

For «Babylon» skreiv Johansen teksten som ein hyllest til New York Dolls-fansen frå utanfor New York City: «[Songen] handlar om menneske som bur i Babylon på Long Island i New York, som kjem skarpt kledd inn til byen kvar kveld. Desse menneska må komma seg heim før sola går opp, veit du, som vampyrar som ikkje kan bli fanget av sola.» Eric Weisbard og Craig Marks frå magasinet Spin tolka «Babylon» som ein referanse til den bibelske byen med same namn på grunn av korleis songen framstiller «symbolet på dekadanse som ein fristad». Hovudpersonen i songen dreg frå Babylon til Manhattan, der ho deretter blir tilsett for å jobba i ein massasjesalong.

«It's Too Late» er ein kommentar til nostalgiske motar og viser til skodespelarinna Diana Dors i ein tekst fordømmande til narkotikabruk. I følgje Antonia kritiserer songen likegyldige, dekadente menneske som ikkje kan, som Johansen syng, «parlez New York français». På «Who Are the Mystery Girls?» skjeller han ut dei som misbruker kjærleik, og vil «sparka dei i golvet» og «slå dei som eit strøteppe». «Puss 'n' Boots» er tittelen etter eit illustrert, podo-erotisk magasin som blir seld i bokbutikkar for vaksne. Johansen sa at songen handlar om skofetisjisme. Teksten skildrar motgangar som står overfor hovudpersonen, «Little Rhinestone Target», som prøver å endra namnet sitt i jakta på skofetisjen sin, før musikken blir avslutta med eit skot, ein lydeffekt inspirert av The Olympics-songen «Western Movies» frå 1958. Willis tolka ein feministisk undertekst i songen, og siterte tekstlinjene «sometimes you gotta get away someway / and now you're walkin' just like you're ten feet tall ... I hope you don't get shot for tryin'.»

«Chatterbox» er skriven og sungen av Thunders, som Willis følte «bruker stemma si som eit jamrande instrument» på ein måte som liknar rockesongaren Robert Plant.; . Songen er første gang Thunders syng solo og syng på ein måte som Weisbard og Marks sa er levert i ein skjelvande, men stolt New York-aksent. Tekstane hans skildrar den aukande frustrasjonen til forteljaren over eit telefonsamband med kryssa leidning med ei kvinne. På «Human Being», ein ode til sjølvrespekt og personleg fridom, introduserer Thunders gitarspelet sitt med ein grovt framført variant av Bill Doggett-songen «Honky Tonk» frå 1956.; . Johansen vender seg til kritikarar av bandet i songen, og fortel dei at viss dei finn han kritikkverdig, bør dei i staden finna seg sjølv «ei helgen», «ein gut som kjem til å bli det eg ikkje er», og ei «plastdukke med eit nytt lag med maling som kjem til å sitja gjennom galskapen og alltid oppføra seg sjarmerande.»

Tittel og plateomslag Too Much Too Soon vart kalla opp etter etter biografien om skodespelarinna Diana Barrymore. I følgje musikkjournalisten Jon Savage var tittelen «meir enn gjeldande for The Dolls sjølv» på grunn av alkoholisme og andre problem blant bandmedlemmane, inkludert Thunders sitt heroinbruk og Nolan som hadde fått hepatitt. Ein dedikasjon til Barrymore vart trykt i plateomslaget. For framsida gjekk gruppa bort frå drag-imaget som dei hadde brukt på det første albumet, og som dei hadde utvikla eit rykte for, til fordel for eit falskt konsertbilete. Under fotograferinga heldt Thunders ei dukke i armen som for å slå han mot gitaren for å sjokkere.

Marknadsføring og sal

Albumet vart først gjeve ut 10. mai 1974 i USA. Det vart gjeve ut to doble A-sida 7"-singlar for å marknadsføre albumet - «Stranded in the Jungle» / «Who Are the Mystery Girls?» i ​​juli og «(There's Gonna Be A) Showdown» / «Puss 'n' Boots» i september 1974 - men ingen av dei gjekk inn på singellista. I følgje Antonia demonstrerte dei utvalde singlane korleis The Dolls trengde ein hitsingel og den noverande produsenten deira ønskte å sjå dei oppnå det ved å imøtekomma radiopublikummet med nedtona studioversjonar av songar bandet hadde framført meir røft på konsertane sine. «Stranded in the Jungle» var opphavleg ein røff konsertsong for bandet, og vart produsert av Morton med ein meir polert lyd og feminin vokal; ifølgje popforskaren Nick Talevski, vart det den mest suksessrike singelen til New York Dolls.; ; .

Too Much Too Soon var likevel nok ein kommersiell fiasko for New York Dolls, sidan det berre nådde 167. plassen på Billboard 200.; . Den presterte godt under forventningane til Mercury og selde mindre enn 100 000 eksemplar.; . Joe Gross skreiv seinare i The New Rolling Stone Album Guide (2004) at forsøket til bandet på å skaffa seg meir speletid på radio ved å verva Morton ikkje fungerte fordi, «med ein slankare lyd, korsong og reinare riff, høyrdest Dolls berre slankare ut».

Då albumet vart utgjeve i Europa i juli, opptredde New York Dolls på Buxtonfestivalen i Derbyshire og Rock Prom-festivalen på Olympia i London. Dei la òg ut på den andre turneen sin i USA, som berre varte i nokre få månader. Han vart skjemt av avlyste show og konfliktar mellom bandmedlemmene som stamma frå den eskalerande avhengnaden deira av alkohol og andre rusmiddel. På grunn av alkoholismen deira klarte dei ikkje å setja opp ei innspelingsøkt for eit planlagt tredje album etter at turneen var avslutta, og i 1975 vart dei droppa av Mercury før dei vart oppløyste nokre år seinare.; .

Mottaking