DaDa er det 15. studioalbumet til Alice Cooper, gjeven ut i 1983. DaDa vart det siste albumet til Cooper før han vart edru og kom attende med albumet Constrictor. Temaet på dette albumet er fleirtydig, men songane indikerer at hovudkarakteren lid av ein mental sjukdom, som skapar mange forskjellige personlegdommar.
«I Love America» vart gjeven ut som den einaste singelen frå albumet.
Cooper hugsar visstnok ingenting frå innspelinga av DaDa, eller det føregåande albumet Zipper Catches Skin, på grunn av stort alkoholmisbruk. Det var ingen turne etter albumet og ingen av songane er sidan framførte på konsertane til Cooper.
Innhald
Medverkande Alice Cooper – Vokal, arrangement Dick Wagner – Gitar, bass, vokal, arrangement Bob Ezrin – Produsent, lydteknikar, arrangement, perkusjon, trommer, klaverinstrument, vokal, Fairlight Sarah Ezrin - DaDa Prakash John – Bass på «Fresh Blood» Richard Kolinka – Trommer på «Former Lee Warmer», «Scarlet and Sheba» og «Pass the Gun Around» John Anderson – Trommer på «Fresh Blood» Lisa DalBello – Vokal Karen Hendricks – Vokal
Kjelder Denne artikkelen bygger på «DaDa» frå , den 24. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Alice Cooper-album Kategori:Musikkalbum frå 1983 Kategori:Album produserte av Bob Ezrin Kategori:Konseptalbum