S-chanf (tysk Scanfs; italiensk Scanevo) er ein kommune i distriktet Maloja i den sveitsiske kantonen Graubünden. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 1660 meter over havet.
Ved folketeljinga i 2000 gav nesten 52% av innbyggarane opp retoromansk som deira daglege talemål. Tilbakegangen for retoromansk har vore stor dei seinare tiåra, medan tysk vert talemål for stendig fleire, over 37% i 2000. I 1980 var oppslutninga om det to talemåla 74% retoromansk mot 16% tysk.
Kommunen ligg i Oberengadin kreis ved elva Inn og utløpet til Casannapasset. Han består av gatelandsbyen S-chanf med busetnadane Cinuos-chel og Susauna. Susauna ligg langs vegen til Scalettapasset, ei historisk internasjonal handelsrute.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «S-chanf» frå , den 24. oktober 2011 og «S-chanf» frå , den 30. mars 2012.
Bakgrunnsstoff http://www.s-chanf.ch
Kategori:Kommunar i Graubünden