«From Denver to L.A.» er ein song sungen av Elton John frå filmmusikken til filmen The Games frå 1970. Songen vart gjeven ut som singel i USA i juli 1970, akkurat i det karrieren hans var i ferd med å ta av. Han var derimot klar over dette og singelen vart raskt trekt attende. Han er no eit særs sjeldan samlarobjekt. B-sida er òg frå filmen og ikkje ei Elton John-innspeling.

Elton sa om songen:

Faktisk vart 'From Denver to L.A.' trekt attende, så om du har eit eksemplar er han verdt ein liten formue. Det var 25 pund for innspelinga eg gjorde i Olympic Studios og eg berre song songen, og det var for Michael Winner-filmen The Games. Og det var det.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «From Denver to L.A.» frå , den 25. oktober 2011.

Kategori:Elton John-songar Kategori:Songar frå 1970