Lesley Duncan, gift Lesley Cox, () var ein engelsk songar og låtskrivar, mest kjend for arbeidet sitt i 1970-åra. Ho vart mykje spelt på britisk radio, men fekk aldri stor kommersiell suksess.

Elton John song duett med ho på hennar eigen «Love Song», gjeven ut på albumet hans Tumbleweed Connection i 1970. Duncan song òg korvokal på Pink Floyd sitt The Dark Side of the Moon, og song solo på songen «If I Could Change Your Mind» på the Alan Parsons Project-albumet Eve. I 1960-åra var Duncan korvokalist for mellom andre Dusty Springfield og The Walker Brothers. Ho skreiv tre songar i lag med Scott Walker for Walker Brothers.

Diskografi 1969: Black Flower 1971: Sing Children Sing 1972: Earth Mother 1973: Reading Festival '73 1974: Everything Changes 1975: Moonbathing 1977: Maybe It's Lost 1980: Only You

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lesley Duncan» frå , den 26. oktober 2011.

Bakgrunnsstoff Nettside

Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Folk frå Stockton-on-Tees