Einar Halvorsen () er ein norsk siviløkonom, og Høgrepolitikar. Han var ordførar i Arendal kommune frå 20. oktober 2011 til 2015.
Halvorsen vart uteksaminert som ingeniør i Gøteborg i 1966 og som siviløkonom ved Handelshøyskolen BI i Oslo i 1970.
Han har arbeidd ved Norske Esso som utbyggingskonsulent, hjå Pusnes Marine and Offshore Services som innkjøpssjef, og hjå Scan Boats som administrasjonssjef. Frå 1987 til 2007 arbeidde han som banksjef i Nordea.
Han har vore initiativtakar og leiar av Sørlandets båtmesse i tre år, nestleiar ved Norwegian Grand Prix i fem år, styremedlem i 14 år ved Arendal Griegfestival, styremedlem i stiftinga Arendal byselskap og styreleiar ved Arendal kulturhus.
Politiske verv 2007-2011: Gruppeleiar i Arendal Høgre 2007-2011: Medlem av formannskap, planutval og kommuneplanutval i Arendal kommune 2009-2011: Opposisjonsleiar i Arendal bystyre 2011-2015: Ordførar i Arendal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Einar Halvorsen (politiker)» frå , den 27. oktober 2011.
Kategori:Ordførarar i Arendal Kategori:Høgreordførarar i Aust-Agder Kategori:Norske juristar Kategori:Norske bankfolk Kategori:Norske sosialøkonomar Kategori:Folk frå Arendal