Musselburgh er ein by i regionen East Lothian i Skottland. Han har kring 21 000 innbyggjarar og ligg på sørsida av Firth of Forth, omkring 8 km austom Edinburgh. Elva Esk renn ut i sundet ved Musselburgh.

Byen er kjent for Musselburgh Race Course, den private internatskulen Loretto School og for Musselburgh Grammar School frå 1600-talet, som er ein av dei eldste allmennskulane i landet.

Rett sør for byen ligg Inveresk, kjent for Inveresk Lodge Gardens.

Galleri

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Musselburgh» frå , den 27. oktober 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar og landsbyar i East Lothian