Charles Julien Brianchon (uttale briãʃˈɔ) () var ein fransk matematikar og offiser.

Brianchon var ei tid professor ved den franske artilleriskulen. Han skreiv matematiske verk og Brianchon-satsen er særleg kjend. Denne seier at når ein sekskant er omskriven om eit kjeglesnitt, så går dei tre diagonalane mellom motståande hjørne gjennom same punkt. Brianchon-satsen svarar dualt til Pascal-satsen om innskrivne sekskantar.

Kjelder Charles Julien Brianchon. (2011-11-01) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Charles_Julien_Brianchon

Kategori:Franske matematikarar Kategori:Franske offiserar Kategori:Matematikarar på 1800-talet