Coldstream er ein by i regionen Scottish Borders i Skottland. Han har kring 2 000 innbyggjarar og ligg på nordsida av elva Tweed, med England på den andre sida.
Byen er kjent som heimbyen til Coldstream Guards, det eldste aktive regimentet i den britiske hæren.
Edvard I invaderte Skottland ved Coldstream i 1296.
På 1700- og 1800-talet var Coldstream ein populær stad å gifte seg for dei som ikkje hadde alle løyve frå føresette i orden, på same måte som Gretna Green, fordi byen låg ved ein hovudveg (i dag A697. Tollhuset, der ekteskapa vart inngått, er saman med Hishel House ein av attraksjonane i byen.
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Coldstream» frå , den 2. november 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar og landsbyar i Scottish Borders