Golspie (skotsk-gælisk Goillspidh) er ein landsby i regionen Highland i Skottland. Han har kring 1 500 innbyggjarar. Golspie ligg i Sutherland ved Moray Firth på den skotske nordaustkysten, nord for Dornoch og Dornoch Firth. Om lag fem kilometer sør for Golspie ligg innsjøen Loch Fleet som er eit spesielt verneområde på grunn av dyrelivet der. Dunrobin Castle ligg like nordaust for Golspie.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Golspie» frå , den 3. november 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar og landsbyar i Highland