Gunnar Staalesen () er ein norsk forfattar og dramatikar. Han voks opp og har budd i Bergen heile livet sitt, og der finn også handlinga i dei fleste bøkene hans stad.
Staalesen debuterte med romanen Uskyldstider i 1969, men er mest kjend for kriminalromanane sine om privatdetektiven Varg Veum. Meir enn nokon annan vert Staalesen rekna som den som introduserte sosialrealismen i norsk kriminallitteratur. Mellom 1997 og 2000 gav han ut den såkalla hundreårstrilogien, eit verk på om lag 1600 sider som er sentrert rundt ulike familiar i Bergen og omland frå 1900 til 2000. Han har vore forfattar på heiltid sidan 1987.
Gunnar Staalesen har (per 2009) gjeve ut fem romanar, 18 kriminalromanar, to novellesamlingar, tre barne- og ungdomsbøker, seks skodespel og ei rekkje mindre utgjevingar. I tillegg har han ei rekkje tekstar frå arbeid som dramatikar, manusforfattar og skribent som ikkje er utgjevne i bokform. Fleire av bøkene hans er også omsette til andre språk. Han har vorte heidra med mellom anna Rivertonprisen (to gonger), Bokhandlarprisen og heidersprisen for kultur i Bergen kommune.
Biografi Gunnar Staalesen voks opp på Nordnes i Bergen med ein far frå Haugesund som var lektor og ei mor frå Fredrikstad som var sjukepleiar.«Elevbrev» av Gunnar Staalesen på Vargveum.no.«Staalesen, Gunnar» i Norsk biografisk leksikon; bind 9, Sundt–Wikborg. (Oslo: Kunnskapsforlaget, 2005) Han har fortalt at han hadde ein heilt vanleg oppvekst, og at han oppdaga at han likte å skrive som 10–11-åring. Han eksperimenterte med å skrive historier og lage teikneseriar, og alt i 1960, som 12-åring, hadde han ei novelle på trykk i det dåverande Haugesunds Dagblad.«– dere skal få høre mer fra meg siden» i Vargens vennekrets – Gunnar Staalesen – en bibliografi av Odd Magnar Syversen (Løten: Bokmakeriet, 1994). Ho hadde fått namnet «Det spøker ved Ulve-vann!», og han hadde også illustrert denne vesle novella som hadde ein journalist og ein hund i hovudrollene. Dette må altså kunne kallast Gunnar Staalesen sin forfattardebut.
Staalesen tok examen artium ved Bergen katedralskole i 1966. Deretter byrja han på Universitetet i Bergen, der han i 1976 vart cand.philol. med faga engelsk, fransk og litteraturkunnskap. I studietida var han frilans filmmeldar og kulturjournalist i BA (då Bergens Arbeiderblad). Han har også vore tilsett som informasjonssekretær ved Den Nationale Scene, i periodane 1972–1973 og 1976–1987. Det var fyrst i 1987 at han vart forfattar på heiltid, sidan ein, som han seier, «i utgangspunktet ikkje tener nok pengar på å vere forfattar i Noreg til å kunne leve av det».
Gunnar Staalesen skildrar seg sjølv som eit «tvers igjennom alminneleg menneske som tilfedigvis kan skrive bøker mange likar å lese.»«Tøffelhelt på Adidas-nåler» av Terje Holtet Larsen i Dagbladet (19.08.1995) Han har karakterisert seg sjølv som ein ihuga lesehest,«Forfatterens favoritter» av Gunnar Staalesen på Vargveum.no. og ein annan hobby han har, er springing. To–tre gonger i veka er han ute og spring, har han fortalt, i tillegg til at han er med i mosjonsløp og spring halvmaraton. Tidlegare har han også sprunge maraton. Staalesen har vorte millionær etter boksuksessane sine, men har eit nøkternt forhold til pengar. Han køyrer til dømes ein vanleg bil og har kjøpt ei rimeleg hytte.«To bøker ga 3 mill.» av Carsten Lier og Hallgeir Vågenes i VG (13.07.1999). Han har sagt at han ikkje har «behov for å signalisere at [han] har hatt nokre gode år.»«Halvmaratonmannen» av Kjartan Brügger Bjånesøy i Dagbladet (25.05.2002).
Han har vore gift sidan 1969, og har to vaksne ungar, Vidar og Reidar«Staalesen på Hellemyra» av Karin Rykkje og Hallgeir Vågenes i VG (23.05.1992) 1, 2.
Tidleg forfattarskap Dei fyrste bøkene Gunnar Staalesen hadde hatt tekstar på trykk i mellom anna Vinduet, Profil og Dagbladet før han fekk noko utgjeve i bokform.«Uskyldstider» på Vargveum.no. Han hadde også fleire refusjonar bak seg, mellom anna frå Brikt Jensen på Gyldendal, før han fekk utgjeve den fyrste boka si, Uskyldstider i 1969.«Kunsten å debutere for fjerde gang» av Gunnar Staalesen i Vinduet nr. 3–4/1992. Boka kom ut på Pax Forlag etter å ha vorte refusert av både Cappelen og Gyldendal. Likevel vart heile opplaget på 2 500 eksemplar selt ut. Staalesen hadde, naturleg nok, høge forventingar til seg sjølv på denne tida, og han har ved fleire høve sagt at han såg på seg sjølv som den nye Knut Hamsun. Dei to fyrste romanane hans har vorte skildra som «prosalyriske formeksperiment som var typiske for tida dei kom ut i.» og «modernistiske kortromanar»«Detektiven og fortellingen» av Audun Engelstad i Forfatterhefte – Gunnar Staalesen (Oslo: Biblioteksentralen, 2006).
Bøker 1969 – Uskyldstider – roman 1971 – Fortellingen om Barbara – roman (illustrert av Marianne Heske) 1975 – Rygg i rand, to i spann – kriminalroman 1976 – Mannen som hatet julenisser – kriminalroman 1977 – Bukken til havresekken – kriminalroman 1978 – Den femte passasjeren – kriminalroman 1979 – Din til døden – kriminalroman 1980 – Tornerose sov i hundre år – kriminalroman 1981 – Kvinnen i kjøleskapet – kriminalroman 1983 – I mørket er alle ulver grå – kriminalroman 1985 – Hekseringen – noveller 1986 – Knut Gribb tar Bergenstoget – kriminalroman 1986 – Vaskerelvens Rose – skodespel 1988 – Svarte får – kriminalroman 1989 – Falne engler – kriminalroman 1990 – Fredag den trettende, eller Poseidons hevn – skodespel 1990 – Vikingskattens hemmelighet – ungdomsroman 1991 – Bitre blomster – kriminalroman 1991 – Regnbyen. Om solen, regnet, byen og bergenserne – (skriven saman med Stig Holmås) 1992 – Arven (frå sceneversjonen av Amalie Skrams Hellemyrsfolket) – skodespel 1992 – Varg Veums Bergen. En annerledes Bergens-guide. – reiseguide i Varg Veums Bergen 1992 – Vikingskattens forbannelse – ungdomsroman 1993 – Dødelig madonna – kriminalroman (skriven saman med Fredrik Skagen) 1993 – Begravde hunder biter ikke – kriminalroman 1994 – Sivert skuteløs (fritt etter Amalie Skrams «To venner») – skodespel 1994 – Vikingskattens voktere – ungdomsroman 1995 – Bergens mysterier – kriminalroman (skriven saman med Willy Dahl og Erling Gjelsvik) 1995 – Blues for Amalie Jensen. Tekster fra Bergen – noveller 1995 – Skriften på veggen – roman 1996 – Amalie Skrams verden – tekst og bilete (skriven saman med Irene Engelstad og Liv Køltzow) 1996 – De døde har det godt – noveller 1997 – 1900. Morgenrød – roman 1998 – 1950. High Noon – roman 2000 – 1999. Aftensang – roman 2000 – Hundreårsboken – sakprosa (skriven saman med Jo Gjerstad) 2002 – Som i et speil – kriminalroman 2003 – Duen fra Bergen – lettlestbok 2004 – Ansikt til ansikt – kriminalroman 2005 – Mordet på Michelsen – kriminalroman, utgjeven som miniatyrbok 2006 – Dødens drabanter – kriminalroman 2008 – Kalde hjerter – kriminalroman 2010 – Vi skal arve vinden – krim 2011 – Blues for Amalie Jensen : tekster fra Bergen 2011 – Varg Veum : Isdalskvinnens hemmelighet – krim 2012 – De syv – teikneserie 2012 – Der hvor roser aldri dør – krim 2014 – Ingen er så trygg i fare – kriminalroman 2016 –Storesøster – kriminalroman 2018 –Utenfor er hundene – kriminalroman 2021 – 2020. Post festum - roman
Dramatikk 1982 – Vredens konfekter – høyrespel, NRK Radioteatret. 1982 – En usedvanlig travel dag på privatdetektivens kontor – høyrespel, NRK Radioteatret. 1982 – Mysteriet om barna som forsvant – fjernsyns-serie for barn, NRK fjernsyn. 1986 – Da va no eg so fekk fem – folkekomedie, Åsane Ungdomslag (skriven saman med Terje Røed Fuglum). 1986 – Knut Gribb tar Bergenstoget – musical, Den Nationale Scene. 1987 – Døde sardiner – kammeropera, Bergen Kammeropera (musikk ved Ketil Hvoslef). 1986 – Vaskerelvens Rose – skodespel, Den Nationale Scene. 1989 – Fredag den trettende – skodespel, Den Nationale Scene. 1982 – Foreldrene som forsvant – videofilm mot alkohol, produsert av Bergen kommune. 1989 – Ved Fløifjellets fot – skodespel, Christi Krybbe skole. 1990 – Den siste Bøschen – høyrespel, NRK Radioteatret. 1992 – Hellemyrsfolket – skodespel Den Nationale Scene. 1993 – Dumbo og Maskefjes: Rygg i rand, to i spann – krimserie NRK fjernsyn. 1993 – Mysteriet på Dovrebanen – kriminalkomedie, Norsk Jernbanemuseum. 1993 – I mørket er alle ulver grå – høyrespel, NRK Radioteatret. 1994 – Sivert Skuteløs – skodespel, Den Nationale Scene. 1998 – Svarte får – høyrespel, NRK Radioteatret. 1999 – Pappas hage – skodespel, Midtun skole. 2001 – Thomas Ryers testamente – høyrespel, NRK Radioteatret. 2002 – 1900: Maskespill og maskefall – skodespel, Den Nationale Scene. 2003 – Bitre blomster – høyrespel, NRK Radioteateret 2003 – En vals med den grønne redsel – høyrespel, NRK Radioteateret 2005 – Tusen år er som i går – skodespel, Bergen Byspill. 2005 – 1900. Christian Molands hemmelige liv – skodespel 2008 Ut på Nordnes– teaterstykkje, skreve til festforestillinga 27. april i høve Nordnæs Bataillons 150-årsjubileum 2011 Peder Påske– skodespel 2014 Hellemyrsfolket - musikal
Prisar 1975 – Rivertonprisen, for Rygg i rand, to i spann. 1989 – Gyldendals legat. 1989 – Bokhandlarprisen for Falne engler. 1990 – Palle Rosenkrantz-prisen for Falne engler. 1991 – Kaliberprisen. 1994 – Riksmålsforbundets barne- og ungdomsbokpris. 2002 – Rivertonprisen for Som i et speil. 2010 - Årets bergenser i ei kåring i regi av Bergensavisen 2015 - Svenska Deckarakademins Grand Master-diplom 2017 - Petrona Award 2017 for beste skandinaviske kriminalroman oversett til engelsk, for Where roses never die (Der roser aldri dør)
Kjelder Litteratur Forfatterhefte – Gunnar Staalesen (Oslo: Biblioteksentralen, 2006). «Staalesen, Gunnar» av Nils Nordberg i Norsk biografisk leksikon; bind 9, Sundt–Wikborg (Oslo: Kunnskapsforlaget, 2005) (www). «Gunnar Staalesen – skaperen av ‘sosionomskolen’ i norsk krim?» i Norges litteraturhistorie, bind 8: Vår egen tid'' av Øystein Rottem (Oslo: Cappelen, 1998).
Nettstader Vargveum.no – nettsida til Gunnar Staalesen.
Referansar
Bakgrunnsstoff Vestlandsforfattere – Gunnar Staalesen hjå Bergen Offentlige Bibliotek.
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Norske kriminalforfattarar Kategori:Fødde i 1947 Kategori:Vinnarar av Gyldendals legat Kategori:Vinnarar av Rivertonprisen Kategori:Vinnarar av Bokhandlarprisen