North Kessock (skotsk-gælisk Ceasag a Tuath) er ein landsby i regionen Highland i Skottland. Han har kring 1 100 innbyggjarar.
North Kessock ligg på halvøya Black Isle, rett ovanfor Inverness på nordsida av munningen av Beauly Firth. Det har truleg vore ei busetjing her så langt tilbake som 1437,http://www.undiscoveredscotland.co.uk/northkessock/northkessock/index.html då fekk dei dominikanske munkane i Inverness løyve til å drive ferje frå Inverness til Black Isle. Det var ferjedrift over Beauly Firth heilt til brua Kessock Bridge vart opna i 1982.
North Kessock har truleg namnet sitt etter St. Kessog som var vernehelgen for Skottland før St. Andreas.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «North Kessock» frå , den 3. november 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar og landsbyar i Highland