Kinglassie (skotsk-gælisk Cille MoGhlasaidh) er ein landsby i regionen Fife i Skottland. Han har kring 2 000 innbyggjarar.
Landsbyen vart grunnlagd ved ei gruve utanfor Glenrothes. Ho stengte i 1967, og den opne gruva ved Westfield er enno rekna som det største menneskeskapte holet i Europa av lokale folk.
Vernehelgenen til Kinglassie er Glastian (død ca. 830), som mekla mellom skutar og piktarar. Dogton stone frå kring 800 vert rekna for å vere eit minnesmerke over eit slag mellom skutar og piktarar som vart utkjempa på staden.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kinglassie» frå , den 4. november 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar og landsbyar i Fife