Sindre Martinsen-Evje () er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han var ordførar i Sarpsborg kommune frå 2011 til 2023. I 2023 vart han vald til fylkesordførar i Østfold, fylket som vart oppattskipa frå 1. januar 2024.

Sindre Martinsen-Evje er fødd og oppvaksen i Jelsnes i Sarpsborg. Han er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo.

Martinsen-Evje vart vald inn i bystyret første gong i 1999. I perioden 2003-2007 var han leiar av hovudutvalet for kultur og oppvekst.

Han var i perioden 2009 til 2011 nestleiar i Sarpsborg Arbeiderparti, der han tok over etter stortingsrepresentant Thor Erik Forsberg.

Martinsen-Evje overtok som ordførar i Sarpsborg etter Jan O. Engsmyr 13. oktober 2011. I månadane før han vart vald til ordførar var han konstituert varaordførar. I valperioden 2007–2011 var han gruppeleiar for Arbeidarpartiet i bystyret.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sindre Martinsen-Evje» frå , den 4. november 2011.

Kategori:Ap-ordførarar i Østfold Kategori:Folk frå Sarpsborg Kategori:Ordførarar i Sarpsborg Kategori:Fylkesordførarar i Østfold