Jakobinargauk (Clamator jacobinus) er medlem av ordenen gaukefuglar med leveområde i Afrika og Asia. Han er delvis trekkfugl, og i India har han vore sett på som ein bodbringar for monsunregnet på grunn av tidspunktet for tilkoma.

mini|venstre|Jakobinargauk i nærleiken Kollerusjøen, India Skildring Illustrasjon ved Wikimedia-brukar Shyamal etter ukjent kjelde]] Dette er ein mellomstor, ca. 33 cm, slank svart og kvit gauk med ein særeigen fjørtopp. Den kvite flekken på den svarte vengen og mønstret gjer han kjenneleg sjølv i flukt. I Afrika finst det to fargeformer, ei med kvit underside og ei med svart underside. Dei er svært vokale gjennom hekkesesongen. Ropa er ein serie av ringetonar 'sklir-sklir-ir, skliur, skliur', ropa frå fuglar av nominatforma er litt raskare og litt mildare enn frå dei andre underartane. Desse gaukane lever av insekt, inkludert hårete sommarfugllarver som dei plukkar opp frå nær eller på bakken. Nokre gonger et dei frukt.

Arten er ein reirparasitt og i India er verten i hovudsak timalartar i slekta Turdoides. Fargene på egga svarer til dei hos verten, typisk turkisblå.

Jakobinargauken er mykje omtalt i den gamle indiske poesien som chātak. Ifølgje indisk mytologi har han eit nebb øvst på hovudet som ventar på regn for å sløkke tørsten.

Utbreiing og habitat Jakobinargauken er grovt rekna distribuert i Afrika sør for Sahara og India sør for Himalaya. Han finst òg på Sri Lanka og i delar av Myanmar. Innanfor Afrika, gjer i det minste nokre av fuglane vandringar, jamvel om arten er standfugl i det tropiske Afrika. Den austafrikanske populasjonen er trekkfuglar med trekkrute over det sørlege Arabia til India i april. Habitata er hovudsakleg i krevjande, tørr krattskog eller opent skogsterreng, men dei unngår område med tett skog eller ekstremt tørt miljø.

Taksonomi Tre underartar er anerkjente for jakobinargauk: C. j. pica, C. j. serratus og C. j. jacobinus. Utbreiing og trekk blant desse underartane er ikkje klårt dokumentert: dei to førstnemnte underartane, eller alle underartar er til stades i Afrika, jacobinus lever i sørlege India, og serratus er ein flyttfugl som hekkar i nordlege India om sommaren.

Kjelder Første versjon av artikkelen byggjer på «Jacobin Cuckoo» frå , den 6. november 2011

Referansar

Bakgrunnsstoff Videoar, bilete og lydopptak av jakobinargaukar hos Internet Bird Collection

Kategori:Gaukefamilien