240px|mini|Vegsystem i Stockholm med bilveg og jarnveg

Ein veg er ei smal strekning i terrenget skapt av og/eller for menneskeleg ferdsel og transport. Utviklinga av vegar starta som tråkk eller stiar i terrenget. Etter kvart trongst det tilrettelegging for køyring med hestekøyretøy. Mesteparten av transporten gjekk på elvar og kanalar. Frå 1850-åra vart det bygd jarnvegar. Vegbygginga skaut fart med utviklinga av bilismen og bilvegar frå fyrst på 1900-talet. Bilismen førte med seg utviklinga av motorvegar.

Norsk veghistorie Den fyrste eigentlege vegen i Noreg vart bygd i åra 1625-30 mellom Kongsberg og Hokksund. Etter vedtaket av veglova av 1851 vart det meir fart over vegbygginga i alle delar av landet.

Administrativ inndeling I Noreg kan vegar delast inn i fylgjande kategoriar: Europavegar Riksvegar Fylkesvegar Kommunale vegar Private vegar

Sjå òg VEI - Vulkaneksplosivitetsindeks

Bakgrunnsstoff Norsk vegmuseum sin nettstad Vegvalg Nasjonal verneplan veger - bruer - vegrelaterte kulturminner

Kategori:Vegar Kategori:Samferdsle