Elwin Bruno Christoffel () var ein tysk matematikar.

Han var professor i Zürich i 1862, og seinare ved Gewerbeakademie i Berlin. Frå 1872 var han professor i Strasbourg. Spesialområdet hans var differensialgeometrien og dei fysiske bruksområdet til fagfeltet. Namnet til Christoffel er knytt til dei såkalla christoffelske symbola, som spelar ei rolle i relativitetsteorien og tensorrekninga.

Kjelder Elwin Bruno Christoffel. (2011-11-09) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Elwin_Bruno_Christoffel

Kategori:Tyske matematikarar Kategori:Folk frå Monschau Kategori:Geometerar Kategori:Matematikarar på 1800-talet