Ernst Leonard Lindelöf () var ein finsk matematikar.

Frå 1903 til 1938 var han professor i Helsingfors. Han medverka sterkt til utviklinga til matematikken i Finland. Læreboka hans Inledning till den högre analysen vart tidlegare mykje brukt ved skandinaviske universitet. Den vitskaplege innsatsen hans ligg særleg innanfor kompleks funksjonsteori, der han grunnla ein særs viktig skule.

I 1929 var han æresdoktor ved Universitetet i Oslo ved Abelminnefesten.

Kategori:Finske matematikarar Kategori:Æresdoktorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Topologar Kategori:Folk frå Helsingfors Kategori:Matematikarar på 1900-talet