Espen Barth Eide () er ein norsk statsvitar og politikar for Arbeidarpartiet som er utanriksminister i regjeringa Støre, tidlegare klima‑ og miljøminister.
Karriere Han vart forsvarsminister då Grete Faremo tok over som justisminister grunna Knut Storberget sin avgang frå stillinga den 11. november 2011. Aftenposten.no, 11.11.11: Knut Storberget går av I september 2012 vart han utanriksminister.Varden, 21.09.12: Fem nye ministre er utnevnt
Han er visegeneralsekretær i SN og Kypros-spesialrådgjevar for SN sin generalsekretær António Guterres. Frå 2014 til 2016 var han direktør i Verdas økonomiske forum.
Espen Barth Eide er son til forskarane Asbjørn Eide og Wenche Barth Eide. Han er utdanna cand. polit. frå Universitetet i Oslo. I 1992 vart han generalsekretær i Europarørsla. I 1994 vart han forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), der han m.a. har hatt ansvar for SN-programmet og leidd avdelinga for internasjonal politikk 2002–2005.
Frå 2000 til 2001 var han statssekretær ved utanriksdepartementet i Jens Stoltenberg si fyrste regjering. Her spelte han ei sentral rolle ved forhandlingane om kjøp av norske jagarfly. Frå 2005 til 2010 var han statssekretær i forsvarsdepartementet, og frå 2010 til 2011 vart han statssekretær i utanriksdepartementet att fram til han fekk stillinga som forsvarsminister i 2011.
Kjelder
Biografi på regjeringa.no
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske miljøvernministrar Kategori:Norske utanriksministrar Kategori:Norske forsvarsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Støre Kategori:Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Stoltenberg I Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:Statssekretærar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Folk tilknytte Norsk utanrikspolitisk institutt Kategori:Norske statsvitarar Kategori:Folk frå Oslo