Svein Olav Agnalt () er ein norsk lokalpolitikar for Ap som er ordførar i Skiptvet kommune.
Han vart vald inn i kommunestyret fyrste gong i 1971 og har variert politisk erfaring, blant anna frå AUF i Østfold. Han har også vore medlem av fylkestinget i Østfold, medlem av fylkesstyret for Arbeidarpartiet i Østfold og fjerde vararepresentant til Stortinget. Før han vart ordførar i 2007 hadde han også erfaring som varaordførar i tolv år.
Agnalt har bakgrunn som journalist, og byrja å skrive som 20-åring. Frå 1975 til 1978 var han tilsett i NBBL, sidan vart han redaktør av Østfold-Posten i Askim fram til 1985. Fram til han vart ordførar var han tilsett som dagleg leiar i Norsk Dekor AS.
Kjelder
60-års omtale i Aftenposten Kultur måndag 20. juli 2009 side 11.
Denne artikkelen bygger på «Svein Olav Agnalt» frå , den 11. november 2011.
Kategori:Norske redaktørar Kategori:Ordførarar i Skiptvet Kategori:Ap-ordførarar i Østfold Kategori:Folk frå Skiptvet