Gilles Personne de Roberval () var ein fransk matematikar.
Han vart først professor i filosofi og seinare i matematikk ved Collège Royal. Han var ein av grunnleggjarane av Det franske vitskapsakademiet. Roberval rekna ut flatevidda til ein sykloide og gav viktige bidrag til kurveteorien. Han utvikla ein geometrisk differensialmetode som han derimot heldt hemmeleg så lenge at Bonaventura Cavalieri kom han i forkjøpet med boka si om «indivisibler». Roberval gjorde òg fysiske og astronomiske undersøkinga og konstruerte ei vekt som er kalla opp etter han.
Kjelder Gilles Personne de Roberval. (2011-11-14) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Gilles_Personne_de_Roberval
Kategori:Franske matematikarar Kategori:Folk frå Oise Kategori:Matematikarar på 1600-talet