Thomas Traherne (1636 eller 1637–ca. 27 september 1674) var ein engelsk diktar og forfattar av religiøse skrifter. På grunn av stilen hans blir han ofte rekna til dei metafysiske poetane.
Han blei prestevigd i 1656 og arbeidde i ti år som sokneprest i Credenhill ved Hereford.
Traherne leidde et stille og fromt liv utan kontakt med det litterære livet. Berre Roman Forgeries (1673) blei publisert i levetida hans. Kort tid etter han var død kom Christian Ethicks (1675) og seinare A Serious and Patheticall Contemplation of the Mercies of God (1699). Mykje av dei finaste arbeida hans er tapt, forandra eller er feilaktig tilskrivne andre forfattarar.
Tekstane til Traherne gir uttrykk for ein inderleg, nesten barnleg kjærleik til Gud, ikkje ulikt Gerard Manley Hopkins.
Thomas Merton, Dorothy Sayers, Elizabeth Jennings og C. S. Lewis var mellom dei som var påverka av Traherne.
Han var far til diplomaten og forfattaren Philip Traherne.
Kjelder Denne artikkelen er basert på «Thomas Traherne» frå , den 16. november 2011.
Litteratur Thomas Traherne: Poetry and Prose, Denise Inge (red), London:SPCK, 2002 Select Meditations, Julia Smith (red), Carcanet, 1997. Landscapes of Glory: Daily Readings with Thomas Traherne, Donald Allchin (red), Dartman Longman Todd, 1989. Waking Up in Heaven: A Contemporary Edition of Centuries of Meditations, David Buresh (red), Hesed Press, 2002. Thomas Traherne: il poeta-teologo della meraviglia e della felicità, Eugenio Cattaneo (red), Edizioni Villadiseriane (BG) Italia, 2007 Happiness and Holiness, Thomas Traherne and His Writings, Denise Inge (red) Canterbury Press, 2008. A Mind in Frame, The Theological Thought of Thomas Traherne, Thomas Richard Sluberski (red), The Lincoln Library, 2008. Wanting Like a God: Desire and Freedom in the Work of Thomas Traherne, Denise Inge, London: SCM, (2009)
Bakgrunnsstoff Thomas Traherne, Wikifrasar på engelsk Thomas Traherne Centuries Selected Poetry of Thomas Traherne at Representative Poetry Online The Strange Case of Thomas Traherne by Forrest Gander
Kategori:Engelske diktarar Kategori:Engelsk litteratur Kategori:Fødde i 1630-åra Kategori:Døde i 1674 Kategori:Døde den 27. september