Aslak Anders Persen Tornensis () er ein norsk økonom og tidlegare lokalpolitikar for Høgre. Han vart vald til varaordførar i Kautokeino kommune den 31. oktober 2003Møteprotokoll Kautokeino kommunestyre og hadde vervet til han søkte om fritak og fekk det på sommaren i 2006. Han hadde då hatt permisjon sidan tidleg i januar same året etter å ha vorte sikta for seksuell omgang med mindreårig. Tornensis vart sidan tiltalt for handlingane og dømd til fengselsstraff.

Varaordførar i Kautokeino Aslak Anders Tornensis vart innvald som einaste representanten frå Høgre i kommunestyret i Kautokeino ved kommunevalet i 2003. Før konstitueringsmøtet hadde Høgre i Kautokeino inngått skriftleg avtale med Venstre om å stemme på deira kandidat i ordførarvalet. Då Tornensis fekk tilbod om vervet som varaordførar mot å stemme på ordførarkandidaten til Samefolkets Parti valde han å bryte den skriftlege avtalen, og det vart fleirtal for Klemet Erland Hætta som ordførar og Tornensis som varaordførar. Leiaren for Kautokeino Høgre gjekk etterpå ut og sa at det som hadde skjedd var skuffande.

Referansar

Kategori:Lokalpolitikarar i Kautokeino Kategori:Høgrepolitikarar i Finnmark Kategori:Folk frå Kautokeino