Jan Olaf Engsmyr () var ein norsk lokalpolitikar for Arbeidarpartiet. Han var ordførar i Sarpsborg kommune gjennom ein periode på 16 år frå 1995 til 2011.

Engsmyr er busett på Greåker og kom med i politikken som kommunestyrerepresentant i Tune kommune i 1975. I den første perioden med storkommune var han gruppeleiar for Ap, og frå 1995 var han ordførar. Han gjekk formelt av som ordførar 13. oktober 2011 og vart då pensjonist. Før han vart heiltidspolitikar arbeidde han som reparatør på Glomma Papp og deretter, frå 1983, som tillitsvald i Jern og Metall.

Dottera Linda Marie Engsmyr vart varaordførar i Sarpsborg då Engsmyr gjekk av som ordførar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jan O. Engsmyr» frå , den 19. november 2011.

Kategori:Ap-ordførarar i Østfold Kategori:Ordførarar i Sarpsborg Kategori:Folk frå Sarpsborg