Anne Katharine Krigsvoll () er ein norsk skodespelar frå Trondheim.

Karriere

Anne Krigsvoll debuterte i musikalen Camino Real ved Nationaltheatret i 1982, der ho var tilsett fram til 1985. På resten av åttitalet arbeidde ho også ved Fjernsynsteatret og Trøndelag Teater. I 1984 debuterte ho som filmskodespelar i Lars i porten, og året etter spelte ho både i Anja Breiens Papirfuglen, og filmen Øye for øye. I 1987 hadde ho hovudrolla i Arild Brinchmann sin miniserie Av måneskinn gror det ingenting, basert på romanen av Torborg Nedreaas. I 1988 vann Krigsvoll Amandaprisen i klassen Beste kvinnelege hovudrolle for denne. Seinare har ho spelt i ei lang rekkje oppføringar, både på teater, på fjernsyn og i spelefilm. Dei siste åra har ho vore å sjå i fjernsynsserien Offshore, filmen Uro (2006) og miniseriane Størst av alt og Berlinerpoplene (2007).

Krigsvoll var også programleiar for NRK-programmet Danseglede i 2005.

Heider

1988: Amandaprisen i klassen Beste kvinnelege hovudrolle for rolla som Clara i Av måneskinn gror det ingenting. 1999: Heddaprisen for framragende sceneprestasjon for sesongen 1998-1999, særleg i rolla som Idun i Bergljot Hobæk Haffs Skammen på Nationaltheatret. 2003: Gammleng-prisen i klassen skodespelar.

Oppføringar

Teaterstykke (utval) Idun Hov i Skammen av Bergljot Hobæk Haff Martha i Hvem er redd for Virginia Woolf? av Edward Albees Kassandra i Trojanerinner av Evripides Petra von Kant i Petra von Kants bitre tårer av Rainer Werner Fassbinder Dorine i Tartuffe av Molière Mylady i De tre musketerer av Alexandre Dumas den eldre Fru Bruscon i Teatermakeren av Thomas Bernhard Ella Rentheim i John Gabriel Borkman av Henrik Ibsen Alice i Dødsdansen av August Strindberg Kvinna i Skuggar av Jon Fosse Inger i Markens grøde av Knut Hamsun Bonnie Bøtta i En midtsommernattsdrøm av Shakespeare Tone i Ekteskap på vidt gap av Dario Fo og Franca RameAnne Krigsvoll sin profil hjå Nationaltheatret.

Film og fjernsyn

1984: Lars i porten (Film) 1985: Strindberg, ett liv (Miniserie) 1985: Papirfuglen (Film) 1985: Øye for øye (Film) 1987: Av måneskinn gror det ingenting (Miniserie) 1988: Brun bitter (Film) 1989: Karachi (Film) 1991: For dagene er onde (Film) 1992: Mysteriet med det levende lik (Fjernsynsserie),Profil på Imdb.com 1993: Stella polaris (Film) 1994: Vestavind (Fjernsynsserie) 1994: Brødrene Dal og legenden om Atlant-is (Film) 1995: Amalies jul (Fjernsynsserie) 1996: Syndig sommer (Film) 1996: Offshore (Fjernsynsserie) 1996: Aldri mer 13! (Film) 1998: Nini (Fjernsynsserie) 1999: Misery Harbour (Film) 2000: Ballen i øyet (Film) 2006: Willy Nilsen (Fjernsynsserie) 2006: Uro (Film) 2006: Lullaby (Film) 2007: Størst av alt (Fjernsynsserie) 2007: Berlinerpoplene (Fjernsynserie) 2009: En god nummer to (Fjernsynsserie) 2012: Lillyhammer (Fjernsynsserie)Profil på Filmfront.no

Kjelder

, henta inn 21. november 2011. Bokmålswikipedia om Anne Krigsvoll, henta inn 21. november 2011.

Referansar

Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Vinnarar av Amandaprisen Kategori:Vinnarar av Heddaprisen Kategori:Norske skodespelarar