Stein Håland () var ein norsk senterpartipolitikar som var ordførar i Spydeberg kommune frå 1996 til 2009. Håland sat i hovudstyret til Senterpartiet frå 2007 til 2009. I det direkte ordførarvalet i Spydeberg i 2005 fekk han 55 % av stemmene.

Stein Håland hadde vore leiar i Norges Bygdeungdomslag. I ungdommen var han på ei studiereise til 13 afrikanske land, den kom til å bety mykje for han seinare. I 1993 vart han tilsett i gruppesekretariatet til Senterpartiet på Stortinget som rådgjevar for Sp-representantane i finanskomiteen. Etter to år fekk han permisjon frå stillinga for å verte ordførar i heimkommunen.Liv Signe Navarsete:Nekrolog - Stein Håland Aftenposten Kultur 21. juli 2009 side 12

Håland døydde brått medan han dreiv med gardsarbeid 9. juli 2009.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stein Håland» frå , den 22. november 2011.

Kategori:Ordførarar i Spydeberg Kategori:Sp-ordførarar i Østfold Kategori:Folk frå Spydeberg